Hopp til innhold

Stem på Luttprisen 2010

No kan du røyste på dei 30 kandidatane til Luttprisen - årets artist 2010.

Luttprisen overrekking til Håvard Lothe

Her får Håvard Lothe Luttprisen i 2009. Prisen var då 15000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim.

Foto: Simon Solheim / NRK

OBS! Billettane til Julelutt 2010 er utselde.

Finn din favoritt, merk av og trykk stem nederst i skjemaet. Dei sju artistane med flest røyster går til finalen. Siste frist for å levere røyster er torsdag 11. november.

Prisen vert delt ut i Operahuset Nordfjord laurdag 27.november kl 18.00. I år er prisen eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit kunstverk av Oddvar Torsheim.

Les og; Billettinformasjon for Julelutt 2010 her.
Les og; Lokal supergruppe til Julelutt.

(Røysteskjemaet er stengt. Måndag 15. november presenterer vi sju finalister.)

Johanna Knudsen
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Johanna Knutsen frå Jølster deltok i MGP junior på NRK1. Ho var ein av ti finalistar som deltok under finalen frå Oslo Spektrum i beste sendetid på laurdagskvelden. Johanna kom ikkje heilt opp, men fekk ei stor oppleving i Oslo Spektrum.

Tyyl
Foto: Per Christian Grov.

Sognebandet Tyyl! gav i 2010 ut si første plate med tittelen "Ber Bod." Plata fekk karakteren 7 av 10 i radioprogrammet Norsk på Norsk i NRK P1, og vart i september kåra til Ukas Urørt i NRK P3.

The Pink Robots
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

The Pink Robots vart i januar kåra til Årets Urørt. Dette starta eit fantastisk år for bandet frå Nordfjord. Dei gav ut si første plate, fekk spele på By:Larm og eit uttal av andre festivalar og konsertstadar.

Karl Seglem
Foto: Pressefoto, Oddleiv Apneseth.

Årdølen Karl Seglem si plate Ossicles som kom i 2010 hausta fantastisk kritikk frå meldarane. Bergens Tidende gav plata terningkast fem, medan dagbladet delte ut ein seksar. Det mest personlege albumet nokon sinne sa Karl Seglem sjølv.

Sigrid Moldestad fekk to prisar denne helga.
Foto: Therese Asker

Sigrid Moldestad gav ut si andre soloplate med tittelen Sandkorn. Sogn Avis trilla treningen til ein seksar, og i Bergens Tidende fekk ho ein solid femmar. I september vart ho kåra til årets folkemusikar i Norge 2010.

Babe Rawlins med Henrik Hellevik frå Askvoll

I spissen for Babe Rawlins står Henrik Hellevik frå Rivedal i Askvoll. Bandet fekk terningkast fem av Bergensavisen for albumet sitt "Sturzgeburt" som kom ut i 2010. Bandet fekk også speleplass på bransjetreffet By:larm.

Bergtatt
Foto: Pressefoto

Folkrockbandet Bergtatt har fått Linn Katrin Øygard frå Sandane som vokalist, og Rune Gandrud frå Høyanger som bassist. Nett no jobbar dei med bandet si kommande plate. I sommar spelte dei mellom anna på Målrock og Utkantfestivalen.

Eagles på sogning
Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRK

Eagles på Norsk har skrive nynorsk-tekstar på eit knippe med Eagles sine store låtar. Bandet som består av røynde musikarar frå Sogn, har spelt på fleire scener i fylket i 2010. Mellom anna spelte dei på Sommar:Lutt frå Nordfjordeid. Dei ville gi ut musikken på cd, men får ikkje lov av Eagles.

Synnøve S. Bjørset
Foto: Geir Dokken

Synnøve Bjørset frå Jølster kom ut med plate saman med bandet Majorstuen i 2010. Bandet fekk gode omtalar for plata Skir, og har turnert i både inn og utland. Bjørset var også nominert til ein spelemannspris i vår.

Steinar Engelbrektson
Foto: Simon F. Solheim
Steinar Engelbrektson Band frå Nordfjord brukte litt av 2010 på å sjå tilbake på si musikalske karriere. Samleplata "Aller Beste" kom ut i mai. Frå denne har låta "Det vil alltid finnast ein bar" vorte mykje spelt på NRK Sogn og Fjordane. Bandet er også eit av dei mest aktive livebanda i fylket.

Buddy Holly
Foto: Inger-Marit Sæby/NRK.no

Roger Allan Ivin frå Sogn har hausta lovord for si rolle i den store musikalen om Buddy Holly på Folketeateret i Oslo. Bassisten er å sjå ståande på kontrabassen sin som ein del av The Crickets som var bandet til Buddy Holly.

Britt Pernille Frøholm
Foto: Presse

Folkemusikaren Britt Pernille Frøholm frå Hornindal fekk strålande meldingar for plata "Eins" som kom ut heilt på slutten av 2009. Saman med trekkspelaren Irene Tillung fekk dei terningkast fem både i Dagladet og Aftenposten. Duoen låg på Fylkestoppen i store deler av våren 2010.

Olav Stedje
Foto: Helge Jørgensen Fotomarked AS

Olav Stedje kom 4. oktober med si tolvte plate. Sogndølen debuterte i 1981, og seier sjølv at denne plata kjem høgt opp blandt dei han er mest nøgd med. Radioprogrammet Norsk på Norsk i NRK P1 gav Stedje karakteren 7 av 10 poeng for plata "Ikkje Utan deg." Tittelsporet har lagt inne på spelelistene til NRK P1.

Arve Henriksen
Foto: Punktfestivalen

Arve Henriksen frå Stryn har brukt året saman med bandet sitt Supersilent. Dei har gjeve ut fleire plater, deltatt på By:Larm i Oslo, og spelt ei rekkje konsertar i inn og utland. Mellom anna fekk plata "10" terningkast 6 i VG.

The Micropops
Foto: Pressefoto.

The Micropops med Håkon Njøten frå Gulen og Sofie Storaas i spissen. Bandet gav ut singelen So Sureal i vår. Denne har rulla og gått på radio, mellom anna på NRK Sogn og Fjordane. Bandet jobbar med det som skal bli plate første halvdel av 2011.

Madelene Berg
Foto: privat

17-åringen Madelen Berg frå Eid er eit av dei største fiolintalenta i Norge. Ho starta året mellom anna med å stå på scena saman med Bergen Filharmoniske orkester. Madelen stod også på scena under den norske finalen i Melodi Grand Prix, saman med vinnar til Didrik Solli-Tangen.

Tone Damli Aaberge.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Tone Damli frå Sogndal si plate "I Know" vart lansert internasjonalt i 2010. Samtidig har Tone vore i full gang med si kommande plate som er like rundt hjørnet. Singelen "I Love You" har gått svært mykje på norsk radio, og nyleg slapp ho også singelen "Crazy Cool."

Emmet Brown live

Emmet Brown , med fleire medlemmer frå Sunnfjord, var blant dei mange gruppene frå Sogn og Fjordane som deltok på bransjetreffet By:Larm i Oslo. Der fekk dei kontakt med produsent Leif johansen, som no hjelper bandet med det som skal bli deira første plate.

Vreid på Oslo live 2009
Foto: Per Ole Hagen / NRK

Svartmetallbandet Vreid frå Sogn starta også året med å spele på det største bransjetreffet i Norden, By:Larm. I haust har dei gjeve ut DVD, og reist ut på ein større turne i Europa. Vreid har etterkvart fått eit stort namn i Europa.

Silje Nes
Foto: privat
Silje Nes frå Leikanger gav i haust ut si nye plate "Opticks." Plata vart etterfulgt av ein større turne i Europa, der ho spelte både i England, Tyskland, Italia, Spania, Nederland og Belgia.

Liv Kreken
Foto: Glenn Karlsen.

Liv Kreken gav i oktober ut si første plate. Plata har fått tittelen "Søt og snill," og er ei blanding mellom balladar og meir fartsfylte låtar. Kvinna som kjem frå Jostedalen i Sogn vert plassert i sjangeren visesong.

Xzwer
Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Rapparen Xzwer frå Florø har deltatt fleire månader på Fylkestoppen med låta "Min tilgivelse." Michael Kildal som er hans eigentlege namn har også vore i studio og spelt inn material til ei kommande plate. Xzwer har også gjort fleire konsertar i løpet av 2010.

Eva & The Heartmaker under en konsert i Stockholm
Foto: Peter Hallbom

Eva & The Heartmaker gav ut singelen Mr.Tokyo som suste inn på spelelistene i både NRK P1 og NRK P3. Låta kjem frå det kommande albumet som Songdalsjenta Eva Weel Skram og resten av bandet jobbar med nett no.

Grimskull
Foto: Pressefoto

Metallbandet Grimskull frå Nordfjord har vore aktive i studio i 2010. Dei har nyinnspelt sitt første album, og spelt inn sitt andre album som kom ut i haust. Bandet har hatt fleire spelejobbar, og satsar stort framover.

Ved Jakupsteinen
Foto: Albumcover

Stryningen Arne M. Sølvberg er ein av dei store spelemennene i Sogn og Fjordane. I tillegg til ei rekkje konsertar i 2010, har han gjeve ut plata med gruppa Jakup, der han speler saman med trekkspelaren Kjell Plassen.

Ungdomskulen
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Sunnfjordbandet Ungdomskulen deltok på By:Larm i starten av året. Der vert dei kalla eit band som er klar for eksport. Deretter har dei spelt ei rekkje konsertar, før dei no er i gang i studio med ny plate.

Empty Bottles Broken Hearts
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Vegar Urne frå Gloppen i Emty Bottles Broken Hearts var også eit av dei mange banda som fekk vise seg fram for publikum, musikarar og bransjefolk på By:Larm 2010. Bandet gav også ut ein vinylsingen med musikken sin i ekte 50-tals-stil.

Karin Haugen
Foto: Gunnar Haugen

Karin Haugen og Helge Bjorøy har lagt på Fylkestoppen store deler av 2010 med låta "Blå Natt." Få låtar har lagt like lenge på fylkeshitlista dette året. Låta er henta frå albumet med same namn som kom ut i fjor.

Greenland Whalefishers med Atle Hjørn Øien
Foto: Pressefoto.

Nordfjordingen Atle-Hjørn Øien har hatt eit svært aktivt år i fleire av dei musikalske prosjekta sine. Med Greenland Whalefishers har han gjeve ut plate og turnert i USA, med Foggy Few har han gjeve ut EP og spelt ei rekkje konsertar i haust. Dessutan har han gjeve ut EP med bandet Terrawatt.

Kurt Ronny Ese
Foto: Pressefoto
Kurt Ronny Ese frå Balestrand kom ut med si første langspelplate i 2010. Plata som har fått namnet "Nådegaven," er ei personleg plate i visepopsjangeren.