Sigrid Moldestad har stor suksess med den siste plata si, Sandkorn. Plata har vore innom VG-lista, og visa «Ein Sæl Kyss» er inne i på musikklista til NRK P1.
Jamn Fylkestopp
Som vanleg var det mange tusen stemmer som kom inn både før og under sendinga.
Det var jamnt denne gongen, og juryformann Inge Ronny Kvåle er imponert over teknisk og artistisk kvalitet på alle sju bidraga i juniutgåva av Fylkestoppen.
Ein utfordrar gjekk vidare
Utfordraren Steinar Engelbrektson Band kom inn på lista, medan Babe Rawlins og Lene B ikkje får vere med neste gong.
– Sjølv om dei ikkje kom inn på lista, held dei høg kvalitet innan sjangrane sine. Babe Rawlins-bidraget held faktisk internasjonale standard, seier juryleiaren.
Flora-artisten Lene B er ute med si første demoinnspeling, og Kvåle meiner ho framleis har eit utviklingspotensiale.
– Ho er eit talent og eg håper ho helde fram med å lage og spele musikk.
No tek Fylkestoppen sommarpause og er tilbake i slutten av august.