Hopp til innhold

Seljeband klar for utlandet

Suksess på Bylarm fører The Pink Robots til utlandet.

The Pink Robots

The Pink Robots på scena under Bylarm i Oslo.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

- Dette er det største vi har opplevd.

Slik opplevde The Pink Robots frå Selje å stå på ei av dei største scenene under bransjetreffet Bylarm i Oslo i helga.

- Største konsertopplevinga

For eit fullsett publikum på 1200 på Rockefeller fekk bandet merksemd både frå norsk og internasjonal musikkbransje.

- Det var heilt fantastisk. Vi naut kvart eit sekund på scena, og hadde ikkje lyst å gå av. Det seier vokalistane Hans Christian Helgesen og Line Dybedal Vederhus til NRK Sogn og Fjordane.

På veg til utlandet?

Rolling Stone-journalisten Steve Knopper stod også i salen då The Pink Robots storkoste seg på scena. Truleg sikra denne konserten bandet ein sjanse til å vise seg fram også utanfor grensene til Norge.

- Det var internasjonal bransje på konserten. Tenker de no utland?

- Ja, vi har planar om utlandet. Men vi har ikkje lov å seie noko enno. Eg kan i alle fall seie at Rockefellerjobben hjalp oss eit godt stykke på veg, sa Helgesen etter konserten.

Følte presset, fekk ikkje sove

Bransjetreffet Bylarm er ein treffstad for plateselskap, musikkpresse, artistar, festivalar og anna musikkbransje. Den er den største i sitt slag i Norden, og er kanskje den viktigaste staden å vise seg fram på for band som er på veg oppover. Etter at The Pink Robots frå Selje vann Urørtfinalen til NRK P3, fekk bandet enno fleire og betre konsertar under Bylarm.

- Urørttittelen har jo gitt eit ekstra press for oss. Eg kjente veldig på forventningane, og har knapt sove. Det er både positivt og negativt med Urørttittelen. Vi har jo mista sjansen til å overraske, og kan stå i fare for å skuffe publikum. Men eg følte vi leverte det vi skulle, og er veldig glad no, seier Helgesen.

Ny plate og festivalar

The Pink Robots har eit spennande år føre seg. I starten av mars legg dei si første plate ut i butikkane. Deretter legg dei ut på ein lang Urørt-turne i heile landet, før sommaren kjem med speling på dei største festivalane.