Hopp til innhold

Røyst på siste fylkestoppen i år

Her kan du levere di røyst til den siste fylkestoppen i 2010.

Olav Stedje

Olav Stedje vann fylkestoppen i november. No skal han forsvare topplasseringa si.

Foto: Simon Solheim

Høyr Fylkestoppen direkte her mellom klokka 11 og 13.
Fylkestoppen si neste utgåve høyrer du torsdag 9.desember klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc. Siste frist er ein time før sending. Du kan også røyste på SMS under radiosendinga. Siste frist 9. desember klokka 10.
Les og; Olav Stedje tok Fylkestoppen
Les og; Urframfører sin nye hit
Røysteskjemaet er stengt!

Ikkje utan deg - Olav Stedje

Olav Stedje kom 4. oktober med si 12.plate med tittelen Ikkje Utan Deg. Plata fekk strålande melding frå musikkmeldar Atle Bredal i NRK. Mannen bak storslagarar som "Vi vandrar saman" og "Ta meg med," håpar at han framleis klarer å skape nye hit-låtar. På Fylkestoppen kom han i september inn med tittellåta frå den nye plata.

God som eg var mot deg - Kathe Sunde

Kathe Sunde hadde stor suksess på fylkestoppen vinteren 2008 med songen "Om Englar Finst". No er strynekvinna attende. Denne gong med ei låt ho måtte til amerika for å få lov til å bruke. Den amerikanske komponisten og produsenten Billy Livsey har arbeida med kjente storleikar som Tina Turner, Kenny Rogers og Travis Tritt. Det er nordfjordingen Rogeir Haugen som står bak den norske teksten til "God som eg var mot deg". Låta gjekk rett inn på andreplass i november.

Crazy Cool - Tone Damli

Tone Damli Aaberge kom rett inn på tredjeplass i november med låta Crazy Cool. Siste veka i oktober kom ho med sitt nye album CoCool. Ei plate som vart slakta av Aftenposten og Dagbladet. Men samstundes kåra radiokanalen BBC2 i England låta Butterflies til vekas låt.

Høyr Itte - Tyyl!

"Høyr Itte" er henta frå det første albumet til Sogningane i rockegruppa Tyyl! Bandet er kjent for å bruke sognedialekt i tekstane sine. Plata som har tittelen "Ber Bod" får også gode tilbakemeldingar frå platemeldar Atle Bredal i NRK P1. NRK Urørt plukka i september ut bandet til Ukas Urørt. Gruppa som består av Håvard Øyrehagen, Vegard Loftesnes, Jon Landsem og Torkjel Solbraa.

Utfordrarar:

Solveigs aller siste song til sin EX - Oddvar Torsheim

Det er ti år sidan sist evigunge Oddvard Torsheim gav ut ny musikk. I 1992 platedebuterte han med Nynorskens Skog og i 2000 kom plata Tur-Retur Blues. No har multikunstnaren vore i studio igjen og spelt inn ein ny låt, som har fått namnet Solveigs aller siste song til sin EX.

Diverse artistar - Bremangerreggi

Kva skjer når ein samlar ei gruppe musikarar i Bremanger og legg til litt jamaicanske reggaerytmer? Jau, då får ein ein Reggisang og ein musikkvideo om Bremanger. Ideen om Bremangerreggi vart til på eit omdømme prosjekt i regi av kystkommune. Når mange høyrer Bremanger tenkjer dei Terra-skandala, og det håpar Trond Strand at sangen og videoen deira kan forandre på.

Kaupangersong - Budleriggen og Torevèr

Utfordrar nummer tre er henta i frå fotballmiljøet på Kaupanger. Songen har teke utgangspunkt i det lokal kraft-uttrykket for når det regnar i bøtter og spann, "Budleriggen og Torevêr." Vokalist i bandet "Kaupangersong", Njål Strøm-Sire, håpar supportersongen vil bidra til auka merksemd og entusiasme for grøntrøyene frå kaupangerskogen.