Hopp til innhold

Plateselskap tom for plater

Steinar Engelbrektson band har selt ut den nye plata si på få dagar. No trykkjer dei opp nye.

Steinar Engelbrektson band

Steinar Engelbrektson kom denne veka ut med plata si 'Minna som eg har.'

Foto: Promo, Foto: Promo

- Vi har selt ut 4 500 av plata på førehand, og resten av det første opplaget på 5000 går heilt sikkert ut i løpet av dagen. Det seier Tom B. Hovde i plateselskapet Tylden.

Bestilt inn nytt opplag

Plateselskapet har alt bestillt inn eit nytt opplag som kjem i neste veke. Dette er den femte plata til Steinar Engelbrektson band. Plata som har fått namnet "Minna som eg har" kom i butikkane denne veka.
- Vi er veldig glade for mottakinga den har fått. Vi har jobba lenge og grundig. Eg synst vi har fått laga ei mykje meir dansbar plate enn tidlegare. Det seier vokalist Steinar Engelbrektson.

-Veldig bra

Steinar Engelbrektson band

Dette bilete av Steinar Engelbrektson band er frå den førre plata 'Rabalder.'

Foto: Pressefoto.

Bandet er veldig nøgde med platesalet så langt. Salet er også bra om ein måler det mot andre norske artister.
- Det er berre eitt av ti album som vert lagt ut til slikt sal på førehand. At Steinar Engelbrektson band sel over 4000 er rekna som veldig bra i dagens marknad, seier Tor B. Hovde i Tylden.

Nominert til Spellemann

Steinar Engelbrektson band har fått mykje merksemd i 2009. Mellom anna var dei nominert til Spellemann for plata "Rabalder," som kom ut i fjor. Etter dette har spelejobbane komme som perler på ei snor for bandet. Dei har også vore svært mykje spelt på danseband-svisj på NRK. På den nye plata har dei også fått med seg danseband-dronninga Anne Nørdsti på ein duett. Det er Eirik Molnes Husabø i Florø som har produsert plata.