Pink Robots kan bli "Årets urørt"

Selje-band nominert til høgthengande artistpris.

The Pink Robots

KAN BLI ÅRETS URØRT: Pink Robots kan vinne finalen av urørt-kåringa.

Foto: Pressefoto.

Redaksjonen i Urørt presenterte i dag dei ti kandidatane til Årets Urørt-pris.

Her er The Pink Robots frå Selje ein av kandidatane med låta Curly.

Kan bli festens midtpunkt

Urørtfinalen 2010 er den tiande i rekkja, og går av stabelen 22. januar på Studentersamfundet i Trondheim. Etter finalen blir det konsertmaraton med alle finalistane - alt overført direkte på P3 og P3tv.

Urørtfinalen er tradisjonelt ein festkveld for ny norsk musikk, og i år kan The Pink Robots bli sjølve midtpunktet.

I stjernene sine fotspor

Samstundes er det eitt år sidan Pony the Pirate stakk av med sigeren i den same konkurransen. Dei enda opp med Sony-kontrakt i 2009.

No kan du vere med og bestemme årets vinnar.

Tidlegare har artistar som Ida Maria, Sissy Wish, Heroes & Zeros og Matias Tellez vunne Årets Urørt.