Hopp til innhold

Kjempar om 1 million a-ha-kroner

Årets urørtvinnar, seljebandet The Pink Robots, klatrar mot stadig nye høgder.

The Pink Robots med sjekken under urørtfinalen 2010

The Pink Robots med 'Urørtsjekken'. No kjempar dei om ein ny sjekk - og stadionkonsert med sjølvaste A-ha.

Foto: Øystein Windstad.

Nyleg vart nordfjordingane plukka ut av sjølvaste a-ha som ein av finalistane til å vinne ein million kroner. Pluss ein stadiokonsert med supergruppa.

Det er i samband med avskilsturneen at a-ha har bestemt seg for å dele ut «a-ha-stipendet».

- Vi er stolt og kry over i det heile å bli trekt ut mellom dei åtte som dei har mest tru på internasjonalt. Det er kjekt. Du veit at du har gjort noko rett, jublar frontfigur Hans Christian Helgesen.

- Siger i seg sjølv

Saman med ein jury, valde a-ha ut åtte artistar som i sommar skal møtast til duell på kvar sine VG-lista Topp 20-show. Kvar finalevinnar får ein million kroner. The Pink Robots reiser til Stavanger der dei 30. juni møter Susanne Sundfør.

- At vi kom til finalen er ein siger i seg sjølv. Det er ei stor ære å bli plukka ut, seier Helgesen og fortel at dei vart spurt om å vere med i ein slik interesse.

Ryddar gjerne for A-ha

The Pink Robots vart tidlegare i år kåra til årets Urørt .

I sommar har gruppa fått eit etterkvart fullbooka program. Mellom 13 førebelse festivalar, er gruppa mellom to frå fylket som får spele på Hove . I juli står dei også på scena når NRK Sogn og Fjordane arrangerer Sommar:Lutt.

Sjølv med eit etterkvart tettare turneprogram, seier ikkje The Pink Robots nei til å rydde plass til ein av a-ha sine avskilskonsertar i haust - dersom det blir siger i Stavanger.

- Vi er veldig opptekne, men det skal ikkje bli vanskeleg å finne plass til om det skjer, ler Helgesen.

Får gjort mykje

Etter å ha hala i land urørtsigeren, var meldinga til fansen at dei skulle sleppe å røyste meir for gruppa. No må likevel Helgesen og resten av bandet oppmode fanskaren sin om å røyste i veg. Finalen i Stavanger skal avgjerast ved folkerøysting.

Susanne Sundfør

Susanne Sundfør er duellanten i Stavanger.

Foto: Arne Bru Haug

Helgesen seier det er liten tvil om at dei svært gjerne kan tenke seg å fylle på bandkontoen med ein million kroner.

- Det kjem veldig godt med. Det er dyrt å halde på. Det gjer det straks lettare å nå ut. Du kan få ein turne meir og marknadsført deg meir, seier han.

P.S. Gruppa fekk gode tilbakemeldingar på debutplata. Musikkanmeldar Atle Bredal i NRK skildra albumest som friskt og nytt, og gav plata åtte av ti poeng . No er gruppa i studio og i gang med å spele inn nye låtar.

HØYR: Atle Bredal melder The Pink Robots