Direkte frå Malakoff
For andre gong arrangerer lokalmusikkredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane sommarkonsert direkte på radio. Denne gongen går konserten frå utescena til Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. I to timar byr Lutt på konsert med lokale artistar frå fylket.
Sendinga kan du oppleve direkte på Nordfjordeid, på radio eller på nett-tv fredag 23. juli klokka 11-13.
- Stolt av å vise dei fram
- Vi har fått sett saman ei spennande rekkje med lokale artistar som vi er stolte av å vise fram. Det seier programleiarane i Lutt Stian Sjursen Takle og Stein Aase.
The Pink Robots:
- Friskt og nytt med veldig gode og fengande melodiar. Det sa platemeldar i NRK Atle Bredal då plata til The Pink Robots kom i mars 2010. Bandet frå Selje fekk sitt gjennombrot då dei i januar vart kåra til årets Urørt i NRK P3. Dei unge musikarane fekk under Bylarm 2009 spele på ærverdige Rockefeller. I sommar står dei på scena under dei største festivalane i landet.
http://www.myspace.com/thepinkrobotsnorway
Håvard Lothe:
Bandet Håvard Lothe er eit svingande popband med stor lyd. Her rockar det av gitarar, trommer, blåsarar og ståbass. Då vokalist Håvard Lothe vart uteksaminert frå Paul McCartney-skulen LIPA i Liverpool i 2006, avla han eksamenskonserten sin i heimbyen Florø. Kort tid etter vart konserten utgjeven som debutplate for bandet. Hausten 2009 gav Lothe og bandet hans ut si første studioplate, Dorian Grey. Han vart seinare på året tildelt Luttprisen av NRK, som årets artist i Sogn og Fjordane.
http://www.myspace.com/havardlothe
Eagles på Norsk:
Ein gjeng dyktige og rutinerte musikarar frå Sogn har gått saman for å levere Eagles i nynorsk versjon. I 2009 spelte dei for 2000 publikumarar under Målrockfestivalen i Årdal. Eagles på Norsk kallar dei prosjektet, som har fått mykje skryt for å få fram nye sider av klassikarane til Eagles ved å bruke dialekt.
http://www.123hjemmeside.no/eaglesmaalrock09/24149262
Linn Eide (UKM):
Ungdomens kulturmønstring viser kvart år fram det beste av unge talent. Ein av artistane som deltok under fylkesmønstringa på Nordfjordeid 2010 vart plukka ut til sommarluttscena. Talentet heiter Linn Eide og kjem frå Vågsøy. Ho gir deg eit par av sine eigne låtar frå scena til sommarlutt.
http://ukm.no/?side=3985&idgroupage=3984
Tyyl!:
Tyyl! frå Sogn gir deg rock på dialekt. Her er det rett fram fengande rock som er stappfull av energi. Bandet har hausta mange rosande ord for sine tekstar på sognedialekt. Dei har tidlegare gjeve ut musikken sin på EP, men kjem med si debutplate i 2010. Tyyl! er eit band som må opplevast live for å få den fulle og beste opplevinga. Dei har tidlegare spelt både på Vinjerock, Rootsfestivalen og Rockefeller.
http://www.myspace.com/tyylrock
Emmet Brown:
(Emmet Brown har avlyst konserten pga. sjukdom.)