Hopp til innhold

Dette er Luttprisen

Luttprisen vert tildelt ein lokal artist frå Sogn og Fjordane kvart år.

Luttprisdiplomet av Oddvar Torsheim
Foto: Simon Solheim / NRK

I 2006 oppretta lokalmuskkredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane. Prisen skal vere ei merksemd til artistar frå fylket som har vist seg fram det siste året.
Les og; Desse har fått Luttprisen

Fokus på lokalmusikk

Luttprisen overrekking til Håvard Lothe

Håvard Lothe får tildelt Luttprisen 2009 - årets artist frå Sogn og Fjordane.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Vi i lokalmusikkredaksjonen Lutt, ønskjer å sette fokus på musikarar frå fylket. Det gjer vi med eit eige program på NRK Sogn og Fjordaneder vi berre spelar lokalmusikk. Vi arrangerer og konsertar rundt om i fylket, der vi inviterer lokale artistar på scena. I tillegg har vi eiga nettside og vi deler ut Luttprisen. Det seier ein av programleiarane i Lutt, Stein Aase.

Fagjury og folkejury

I 2006 og 2007 var det både ein folkejury og ein fagjury som saman bestemte kven som skulle få prisen. I 2008 vart det gjort forsøk der det berre var folket som bestemtet kven som fekk prisen. I 2009 var juryen tilbake i Luttprisen.

Utdeling på Julelutt

I 2006 var Luttprisen eit trykk av kunstnaren Knut Rumohr. I 2007 og 2008 var prisen skulpturen St.Sunniva av Turid B. Kvalheim frå Vågsøy. Frå 2009 er Luttprisen eit pengestipend og ein kunstdiplom av kunstnaren Oddvar Torsheim. I tillegg får artistane radiospeling på NRK Sogn og Fjordane. Utdelinga finn stad på radiokonserten Julelutt kvart år.