Hopp til innhold

Bli med å kåre fylkestoppen

Liv Kreken

Liv Kreken vann fylkestoppen i oktober.

Foto: Glenn Karlsen.

HER HØYRER DU FYLKESTOPPEN DIREKTE!
(Torsdag 11.november 11-13.)

Fylkestoppen si neste utgåve høyrer du torsdag 11.november klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc. Siste frist er ein time før sending. Du kan også røyste på SMS under radiosendinga.
Les og; Liv Kreken slo ut alle
Les og; Tone skuffa over dårleg kritikk

OBS! Røysteskjemaet er stengt.

Liv Kreken - Ta meg i havn for i natt

Laurdag 9.oktober kom den første plata frå Liv Kreken. Plata ber namnet " Søt og Snill," og er ei blanding av balladar og meir fartsylte låtar. Felles for alle 12 spora er likevel at dei er i visesjangeren med nynorske tekstar. 41-åringen frå Jostedalen har sagt opp eit par jobbar, mellom anna som kommunal kulturforvaltar og sirkusdirektør, for å satse meir på eigen musikk.

Høyr Itte - Tyyl!

"Høyr Itte" er henta frå det første albumet til Sogningane i rockegruppa Tyyl! Bandet er kjent for å bruke sognedialekt i tekstane sine. Plata som har tittelen "Ber Bod" får også gode tilbakemeldingar frå platemeldar Atle Bredal i NRK P1. NRK Urørt plukka i september ut bandet til Ukas Urørt. Gruppa som består av Håvard Øyrehagen, Vegard Loftesnes, Jon Landsem og Torkjel Solbraa.

Ikkje utan deg - Olav Stedje

Olav Stedje kom 4. oktober med si 12.plate med tittelen Ikkje Utan Deg. Plata fekk strålande melding frå musikkmeldar Atle Bredal i NRK. Mannen bak storslagarar som "Vi vandrar saman" og "Ta meg med," håpar at han framleis klarer å skape nye hit-låtar. På Fylkestoppen kom han i september inn med tittellåta frå den nye plata.

Bergtatt - Kristin og Sigurd

Vokalist Linn Katrin Øygard frå Sandane og bassist Rune Gandrud frå Høyanger er viktige bidragsytarar i bandet som no er i gang med å spele inn si andre langspelplate. Bergtatt har fått stor merksemd for å kombinere rock med folkemusikk og tradisjonstekstar, og dette er ei spennande sjangerblanding, seier bassisten frå Høyanger.
- Linn Katrin har god kraft i stemma, syng godt på dialekt. I tillegg er ho kul på scena seier bandkollegane Jon Stenersen og Rolf-Erik Solstad Karlsen om vokalisten frå Gloppen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bergtatt

Bergtatt er blant melodiane som kjempar om å vinne fylkestoppen i november.

Foto: Pressefoto

Just a dog - Lovely Animals

Første utfordrar til neste Fylkestopp har ikkje lang fartstid som artistar, men fekk like vel full utteljing då vekas urørt i NRK P3 vart kåra i midten av oktober.
Det er Torgeir Tysse som er primus motor i bandet. Etter å ha skrive fleire låtar utan band, tok han tak og fekk spelt inn 3 låtar, framleis utan band. Deretter gjekk pennen seg verkeleg varm, og nye låtar blei skrivne i ei forrykande fart.
No har sunnfjordingen fått selskap av trioen Svein-Inge Bjørkedal, Halvor Rollag og Fredrik Scott som ilag utgjere kvartetten Lovely Animals.

Crazy Cool - Tone Damli

Tone Damli Aaberge er andre utfordrar til Fylkestoppen 11.november.
Siste veka i oktober kom ho med sitt nye album CoCool. Ei plate som vart slakta av Aftenposten og Dagbladet. Noko som var tungt å svelgje for den unge sogndølen. Men samstundes som ho fekk eit ublid møte med norske meldarar kåra radiokanalane i England, BBC2, låta Butterflies til vekas låt. På fylkestoppen prøver Tone Damli seg med låten Crazy Cool frå den fjerde plata si, CoCool.

God som eg var mot deg - Kathe Sunde

Kathe Sunde hadde stor suksess på fylkestoppen vinteren 2008 med songen "Om Englar Finst". No prøver strynekvinna seg igjen. Denne gong med ei låt ho måtte til amerika for å få lov til å bruke. Den amerikanske komponisten og produsenten Billy Livsey, som Kathe Sunde vekte tidleg på morgonkvisten, har arbeida med kjente størrelser som Tina Turner, Kenny Rogers og Travis Tritt. Det er nordfjordingen Rogeir Haugen som står bak den norske teksten til "God som eg var mot deg ".