Han gir albumet "Minna som eg har" 9 av 10 moglege poeng.
Plata til Steinar Engelbrektson band kom i butikkane denne veka,
. Nye plater er i trykken og kjem ut i neste veke.-Tatt steget vidare
- Dette er ei plate bandet bør vere stolt av. Bandet har tatt steget vidare frå den førre plata. Dei har fått eit klarare lydbilete både på musikk og song. Her er det ingen tvil om at dei har tatt seg god tid. Det er eit gjennomarbeida album, seier Erik Forfod. Han er mellom anna kjend frå det populære programmet "På Dansefot" i NRK.
Kan bli spellemann
Steinar Engelbrektson band si nye plate Minna som eg har.
Foto: Promo Tylden & coSteinar Engelbrektson band vart
- Kan det bli ein ny nominasjon for denne plata?
- Det vil forundre meg mykje om den ikkje blir nominert, seier Forfod i lokalmusikkprogrammet Lutt på NRK Sogn og Fjordane.
-Funne sin eigen stil
Forfod meiner nivået på plata er jamt over godt, og finn ingenting som trekker ned.
- Kva er styrken til albumet då?
- Dei har klart å finne sin eigen stil og forsterka denne. Spesiellt er trekkspelet til Steinar, steelgitaren og fela dei nyttar på enkelte av låtane med å skille bandet ut, seier Forfod.
Bandet gjer også suksess på NRK sin dansebandjukeboks for tida. Der er duetten med Anne Nørdsti blitt ein stor favoritt blandt sjåarane.