– Vi har hatt eit rekrutteringsutval som har innstilt Stig Arne Thune, fødd og oppvaksen i Solvorn, til rådmann i Sogndal. Endeleg tilsetjing blir avgjort i fellesnemda i Balestrand fredag, stadfestar ordførar Jarle Aarvoll til NRK.
Rekrutteringsutvalet står samla bak innstillinga.
8. juni vedtok eit fleirtal på Stortinget at Leikanger, Balestrand og Sogndal skal gå saman til ein kommune. Seinare vart det bestemt at denne kommunen skal heite Sogndal og at kommunesenteret skal ligge på Hermansverk. Kommunen vil få nærmare 12 000 innbyggjarar.
Det har vore knytt spenning til kven av dei sju søkjarane som skulle få jobben. To av søkjarane var hemmelege. Stig Arne Thune var ein av dei.
Frå Solvorn
Han kjem opphaveleg frå Luster, og forlèt no jobben som regiondirektør i Utlendingsdirektoratet (UDI) etter halvanna år. Før det var han rådmann i Sund i Hordaland i fire år, og i Fjell kommune i to år.
I nye-kommunen Sogndal vil Thune få litt av kvart å gripe tak i. Det er fleire store stridssaker på beddingen.
Vraka Aanestad
Dagens rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, var den kanskje mest openberre kandidaten på søkjarlista. Han vart altså valt vekk av fellesnemnda.
Aanestad har hatt jobben i ei årrekkje. Han har til dels vore omstridd.
Seinast i februar fremja Sogndal Høgre mistillitsforslag mot han i kommunestyret. Det fekk berre fire røyster.