Astrid Ruud i Sogndal seier at både ho og andre har vore i jobbsamtaler med Luster kommune, men meiner dei ikkje nådde fram med arbeidsvilkår og lønskrav.
Utidig
– Det er veldig utidig at Luster ikkje tek ansvar for dette sjølv, men stadig utfordrar oss når vi har stilt oss til disposisjon, seier Ruud.
Både Astrid Ruud, som no er helsesøster i Sogndal, og kollegane hennar i Sogndal og Leikanger var i samtaler med Luster kommune i vinter. Då fordi kommunen mangla jordmorberedskap to dagar i veka.
– No er toget gått, for no er vi alle i anna arbeid, seier Ruud.
I dag er Luster kommune i ein endå vanskelegare situasjon, og dei gravide må heilt til Lærdal for å få jordmortenester. Dette meiner Astrid Ruud kommunen kan takke seg sjølv for, fordi den eine jordmora Luster hadde, fekk innvilga permisjon utan at kommunen først fann ein erstattar.
– Ikkje noko val
Men helse- og sosialsjef i Luster, Knut Skjønberg, seier kommunen ikkje hadde noko val.
– Vår kommunejordmor søkte om permisjon, og ut frå regelverket i kommunen var det naturleg å innvilge dette, seier Skjønberg.
Betre ordning frå nyttår
I dag reiser dei gravide i Luster til Lærdal, men frå nyttår får dei truleg eit tilbod i heimkommunen, seier helse- og sosialsjef i Luster, Knut Skjønberg.
Skjølberg seier også at kommunen gir reisestøtte til dei gravide som må til Lærdal, og han reknar med å få til eit betre opplegg på nyåret. Då vil dei leige ei jordmor frå fødestova i Lærdal til helsestasjonen i Gaupne ein gong i veka.