Hopp til innhold

Lurde alle i tippeduellen

Årdølen Lasse Heggheim sendte inn bilete av fotballspelaren Mauro Zarete då han skulle i tippeduellen i Sogn Avis. Spøken lurde alle.

Sogn avis med feil bilde på Lasse Heggheim

- Til og med mor mi trudde biletet i avisa var av meg. Ho og far min hadde ein lang diskusjon om dette. Far min sa at ved å sjå på munnen, ser ein at det ikkje er meg på biletet. Så han fekk rett til sjuande og sist.

- Fekk meg ein god latter

Lasse Heggheim deltok i tippeduellen mot vikjen Ivar Vevle sist laurdag. Dei to som er med i duellen i Sogn Avis tippar på helgas tippekupong, og legg ved bilete av seg sjølve som vert trykte i avisa. Men Heggheim sendte inn og fekk trykt bilete av den argentinske spelaren Mauro Zarate.

- Eg sleit litt med å finna eit godt bilete av meg sjølv, men så hadde eg dette biletet av Zarate. Han er så lik meg, at då sende eg no berre inn det. Eg veit ikkje kor begeistra dei var, men eg fekk meg i alle fall ein god latter sjølv.

- Handla i god tru

Redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, seier avisa no skal sjekka nøyare bileta i tippeduellen framover.

- Det vert jo ein voldsom prosess viss me ikkje kan stola på at folk faktisk sender inn bilete av seg sjølv. Og viss ein sender inn bilete av fotballspelarar som er så like ein sjølv at mødrene slit med å sjå skilnad, har me handla i god tru. Men me skal halda eit vakent auge med desse spilloppmakarane som driv og tippar.

Heggheim er litt bekymra for at det ikkje vert meir tippeduellar på han.

- Ein skal kanskje vera forsiktig med å halda media for narr, så no er eg vel bannlyst i alt som heiter tippeduellar.

Likevel tapte Lasse Heggheim tippeduellen i helga, så han er uansett ikkje aktuell for fleire tippeduellar med det fyrste.