Hopp til innhold

Luftrommet over Bergen er stengt

– Bakgrunnen er den auka trugselsituasjonen me har hatt sidan torsdag, seier Gustav Landro i Hordaland politidistrikt til NRK.

Stabssjef ved Hordaland politikontor Gustav Landro om flyforbodet over Bergen.

STENGT LUFTROMMET: Me har nesten ein halv million menneske i Bergen denne helga, og me har ein skjerpa trugselsituasjon, då er det viktig for oss å vite at den trafikken som går over Bergen er klarert, seier Landro.

Politiet har anmoda Avinor om flyforbod over det sentrale Bergen. Hensikta er å få kontroll over det ukontrollerte luftrommet over Bergen. Det går fram i ei pressmelding frå Hordaland politidistrikt. Det var TV2 som fyrst omtala saka.

– Flyforbodet er ikkje dramatisk i det heile. Me har nesten ein halv million menneske i Bergen denne helga, og me har ein skjerpa trugselsituasjon, då er det viktig for oss å vite at den trafikken som går over Bergen er klarert, seier Gustav Landro i Hordaland politidistrikt.

– Mange har kontakta oss med melding om helikopter og droneflyging i Bergen i helga. Me ønsker ikkje å ha denne trafikken over Bergen når så mange beveger seg på bakken.

– Ingen endring i trugselbilete

auka beredskap

AUKA BEREDSKAP: Politiet i Hordaland held beredskapen oppe etter terrortrugslane denne veka. Ein halv million menneske er venta til Bergen denne helga.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Flyforbodet gjeld ikkje luftambulansar, SAR (Search and Rescue helikopter), militæret og politiet.

Denne helga blir Tall Ships Race arrangert i Bergen sentrum. Det er venta ein halv million besøkande i løpet av helga.

– Det er viktig å få presisert at det ikkje er endringar i trugselvurderinga, seier Landro.

Årsaka til at luftrommet vert stengd fyrst laurdag er prioritering, ifølgje Landro.

– Me måtte ta andre, viktigare prioriteringar fyrst. Etter to dagar ser me no at det var nyttig for oss å gjere. Også grunna mange førespurnadar knytt til dronar over Bergen.

Vil vere stengt til tysdag

Dei førebelse flyrestriksjonane gjeld for luftrommet under 2500 fot, noko som svarar til kring 760 meter. Det er dermed lov å fly høgt over for fly som berre passerer.

Eit flyforbodsområde som no er innført over Bergen sentrum eksisterer allereie over Oslo permanent. I Oslo sentrum er det eit permanent flyforbod for all trafikk under 3000 fot, noko som svarar til dryge 900 meter.

Avinor som regulerer luftrommet i Noreg har også permanent flyforbod over fleire olje- og gassinstallasjonar som Kollsnes, Mongstad, Kårstø og Melkøya. Også over industriområdet i Grenland er det permanent flyforbod.

Ifølgje stabssjef Landro vil luftrommet vere stengt til tysdag. Deretter vil det blir gjort ei ny vurdering.

Flytrafikken går som normalt

Aslak Sverdrup

GÅR SOM NORMAL: Aslak Sverdrup, Lufthavnsjef ved Flesland, fortel at flytrafikken til og frå Bergen lufthavn Flesland vil gå som normalt.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Ifølgje lufthamnsjef ved Bergen lufthavn Flesland, Aslak Sverderup, vil ikkje forbodet påverke reisande frå Bergen.

– Flytrafikken til og frå Flesland går som normalt, det ventar me at den vil halde fram med, seier Sverderup til NRK.

NRK kjem tilbake med meir

Terrortrusselen: Flyresitriksjoner over Bergen sentrum