Hopp til innhold

Transportkuvøse sikrar luftambulansen mot koronasmitte. I Bergen har dei valt å la ho ligge

Fare for smitte av koronaviruset gir luftambulansepersonellet i Noreg eit dilemma. I Bergen har dei førebels valt å ikkje bruke transportkuvøse på akutte oppdrag.

Ambulansearbeidar Georg Ordemann demonstrerer tranportkuvøse.

STÅR INNE: Ambulansearbeidar Georg Ordemann demonstrerer korleis ein behandlar pasientar i kuvøsa. Det gjer han inne på ambulansestasjonen, kor kuvøsa ligg til disposisjon, men ikkje er i bruk.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– I veldig mange tilfelle i denne sjukdommen, kan vi komme like langt med dei gode, basale smitteverntiltaka, seier sjef for akuttmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus, Øyvind Østerås.

Personellet på luftambulansen kjemper ei kamp mot klokka. Pasientane deira er nesten alltid alvorleg sjuke eller skada, og sekunda tel.

Men koronaviruset har gitt luftambulansen eit dilemma. Skal dei bruke ei transportkuvøse for å sikre eige mannskap mot smitte, eller skal dei prioritere helsa til pasienten?

Øyvind Østerås, avdeling akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen

LAR KUVØSA LIGGE: Fordi Covid-19 ikkje spreier seg gjennom lufta, men ved dropesmitte, vel Helse Bergen å la kuvøsa ligge på hylla inntil vidare.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Ti timar pasientfrakt

I Bergen har dei førebels valt å la den spesialbygde transportkuvøsa ligge, sjølv om den er klar til bruk.

Ein av grunnane er at ikkje alle luftlegane har opplæring i bruk av kuvøse, men at hovudårsaka er at bruken tek for mykje tid, og at god tilgang til akutt sjuke er viktig for å utføre den nødvendige behandlinga.

– Det tek tid å bruke kuvøsa på rett måte. Dei som blir frakta med luftambulansen er nesten alltid alvorleg sjuke og skada. Det å ha tilgang til pasienten, og kunne utføre behandling undervegs er viktig, argumenterer Østerås i Bergen.

For å kunne utføre den behandlinga, men likevel halde seg smittefri, er luftlegane kledde i fullt smittevernutstyr, med frakk, briller, hansker og munnbind.

Men det blir praktisert ulikt elles i landet. Førre helg tok det ti timar då ein koronasmitta mann i Lofoten skulle bli frakta til Nordlandssjukehuset i Bodø for behandling, fordi han måtte transporterast i kuvøse.

Luftambulansen i Bergen.

BEREDSKAP I FARE: Om tilsette som rykker ut med luftambulansen blir smitta, er dei så vanskelege å erstatte at beredskapen kan stå i fare for å bli kraftig redusert.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Førre fredag var ein luftambulanselege frå Helse Bergen på kuvøse-kurs saman med Forsvaret. 330-skvadronen hasteinnkjøpte nyleg fem slike transportkuvøser. Der fekk dei meir kunnskap om effektiv bruk av kuvøsa, men vil fortsette med smitteverntiltaka dei allereie har innført.

– Vi fekk bekrefta det vi trudde, at det er tidkrevjande å bruke denne kuvøsa på ein rett måte, seier Østerås.

Kan ikkje erstattast

Oslo universitetssjukehus har eit eige smitteteam, noko også Universitetssjukehuset Nord-Norge også har oppretta.

På Haukeland er det ingen planar om eit dedikert smitteteam, men dei har heva beredskapen. Mellom anna er det sett av to eigne intensivambulansar som er betre egna til å handtere pasientar smitta av Covid-19.

– Denne sjukdommen dreier seg om dropesmitte, og kuvøsa blei utvikla for å hindre luftsmitte, vi har gode tiltak som varetek personellet vårt, og ser det ikkje som nødvendig med eige smitteteam, seier Østerås.

Han er likevel klar på at personellet på luftambulansen er spesialiserte og såleis vanskelege å erstatte om dei skulle bli sjuke av korona.

Det kan svekke beredskapen kraftig.

Øyvind Thomassen, Luftambulansen i Bergen.

SMITTEVERNUTSTYR: Overlege Øyvind Thomassen opplever å miste mykje av kontakten med pasienten når ein er kledd i smittevernutstyr. Her viser han sekken med smittevernutstyr dei treng på oppdrag.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Blant luftambulanselegane er Øyvind Thomassen. Nyleg var han på oppdrag der han måtte behandle eit lite barn.

– Eg kom med briller, frakk og munnbind, og det er veldig rart for eit sjukt barn å sjå ein framand person som ser kledd slik ut, fortel Thomassen

Han synest noko av det vanskelegaste er han kan verke meir framand når han er fullt utstyrt med verneutstyr.

– Det må vi bli vant til, og vi kjem ikkje til å gi dårlegare behandling av den grunn, men det er for å passe på oss sjølv, sånn at vi kan gå på jobb dagen etterpå, seier han.