Hopp til innhold

Luftambulansane skal styrast frå Bergen

FØRDE (NRK): I dag sette styret i Helse Vest endeleg punktum i striden om kven som skal få styre luftambulansane på Vestlandet. Bergen trekte det lengste strået.

Luftambulanse på taket på Haukeland

BERGENSARANE TEK STYRINGA: Styringa av all luftambulansetrafikk i Hordaland, Rogland og Sogn og Fjordane skal styrast frå Haukeland universitetssjukehus i framtida.

Foto: NRK

Styret i Helse Vest var i dag samla i Førde for å få avslutta krangelen mellom rogalendingar og bergensarar. I dag har alle helseføretaka sin eigen luftambulansekoordinator. I framtida skal luftambulansane i Stavanger, Bergen og Førde, når dei er på utrykking, koordinerast frå ein felles sentral som er samlokalisert med AMK-sentralen.

Temperaturen har vore høg mellom universitetssjukehusa, som ikkje ein gong har vore samde i kva for kriterium som skal avgjere plasseringa.

Steile frontar

I Stavanger har dei heile tida hevda at luftambulansesentralen primært er ei flygeleiarrolle som dei har best kompetanse på. Haukeland har hevda at det heile dreiar seg om akuttmedisin, og at dei som det regionale traumemottaket er best skikka til å styre flåten.

Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna har alle gått for Haukeland som plassering. På den andre sida har Helse Stavanger og luftambulansetenesta sjølv stått.

Fleirtalet ville ha Bergen

Etter debatten på dagens styremøte vart det gjennomført ei prøverøysting, der Bergen også fekk fleirtal. Då det kom til endeleg avrøysting valde heile styret å stille seg bak vedtaket.

At fleirtalet av helseføretaka gjekk for Bergen var avgjerande for at valet fall på Haukeland til slutt, skal vi tru styreleiar Einar Strømsvåg. Men han er tydeleg på at vedtaket ikkje må skape presedens i andre lokaliseringssaker.

– Det er viktig at denne avgjerda ikkje skaper presedens. Vi har som ambisjon at det som kan delast på, skal vi dele på. Det er viktig at vi har brei kunnskap i heile regionen og at ikkje alt hamnar i sentrum, seier han.

– Dei tilsette er skuffa

Styremedlem og representant for dei tilsette i LO Stat, Bente Pilskog, var på si side skuffa over vedtaket. Ho hadde helst sett at sentralen vart lagt til Stavanger der luftambulansen alt har eit godt samarbeid med Hovudredningssentralen for Sør-Noreg, som er plassert i same byen.

– Eg er ikkje spesielt fornøgd, men vi valde likevel ikkje å røyste ned forslaget då vi kom til endeleg avrøysting. Eg er oppteken av at vi skal ha eit godt samhald og at innbyggjarane ikkje skal oppleve uro, forklarar Pilskog

Ho fortel at dei tilsette i Stavanger er skuffa i dag.

– Det er alltid problematisk å bryte opp eit godt miljø med godt samhald og god leiing, seier ho.

Styremøte i Helse Vest

STYRET I HELSE VEST: Debatten om plasseringa av den nye AMK-sentralen heldt fram heilt til styreleiaren klubba vedtaket på dagens styremøte i Helse Vest i Førde. Også i prøverøystinga var det fleirtal for Bergen.

Foto: Steinar Lote / NRK