Lufta Pakistan-skraping allereie i 2015

SUNNHORDLAND TINGRETT (NRK): I 2017 havarerte lasteskipet «Tide Carrier», truleg på veg til Pakistan. Nesten to år før hadde den tiltalte reiaren diskutert skraping i ein e-post.

Tide Carrier ved Jærstrenden

MOTORSTOPP: «Tide Carrier» fekk motorhavari ved Jærstrendene i Rogaland, 22. februar 2017.

Foto: KYSTVERKET

– Det er ei svært viktig sak. Handsaming av utrangerte skip er eit viktig spørsmål, og kan potensielt utgjere ei ganske stor miljøskade, seier konstituert statsadvokat Maria Bache Dahl til NRK.

Ho er aktor i saka mot reiar Georg Eide, som er tiltalt for å ha medverka til forsøk på å skrape «Tide Carrier» i Pakistan.

Georg Eide nekta straffskuld då rettssaka starta torsdag.

22. februar 2017 fekk skipet motorhavari utanfor Jærstrendene i Klepp kommune. Om bord var ei lang rekke miljøgifter.

Låg i opplag i Høylandsbygd

Eide kjøpte skipet i 2007. Heilt sidan då hadde det lagt i opplag i Høylandsbygd i Kvinnherad. Det var herifrå skipet la ut på reisa mot Pakistan ti år etter.

Eide hadde seld skipet då det segla ut Hardangerfjorden. Eigaren var Julia Shipping, eit dotterselskap til Singapore-registrerte Wirana.

I fjor vedtok dei ei bot på 7 millionar norske kroner for ulovleg å ha forsøkt å få skipet til skraping på ei strand i Pakistan.

Spørsmålet i Sunnhordland tingrett er om det er bevist at Georg Eide med vitande og vilje fungerte som mellommann for Wirana.

Og om han gjorde «Tide Carrier» klart for det som skulle bli skipet si siste reis – og om Eide eventuelt kan straffast for det.

– Det Eide har gjort er ikkje straffbart, sa forsvarar Arild Dyngeland i si innleiing.

– Det er heilt vesentleg om det han har gjort i det heile tatt kan forbindast med straff, berre fordi ein annan part har hatt ein hensikt, heldt han fram.

Forsvarar Arild Dyngeland under Tide Carrier-forliset

FORSVARAR: Arild Dyngeland forsvarar reiar Georg Eide.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Drøfta Pakistan-skraping

For anker i Høylandsbygd hadde skipet blitt ein verkebyll for Georg Eide og selskapa hans.

Utan driftsinntekter tapte han mellom 6 og 10 millionar kroner, sa aktor Dahl i innleiingsforedraget hennar.

E-post-korrespondansar Dahl viste fram i retten, viser at Eide-gruppa forsøkte å selje skipet i 2014, utan hell.

I eit notat frå 2015 signert Eide, lista han opp ei rekke alternativ for kva dei kunne gjere med skipet. Mellom anna fortalde Eide om mogelege kundar, som den kanadiske marinen og eit stort selskap i Brasil.

I same notat drøfta han og skrapprisen på skipet i Pakistan. Han konkluderte med at skraping stod fram som eit dårleg alternativ då.

Aktor Dahl vil ikkje kommentere enkeltbevis overfor NRK, no når saka går for retten.

Konstituert statsadvokat i Økokrim, Maria Bache Dahl.

AKTOR: Maria Bache Dahl er konstituert statsadvokat og aktor i saka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Selde skipet

Løysinga blei å selje skipet til Julia Shipping, eit selskap eigd av Wirana frå Singapore.

Prisen var 5 millionar dollar.

Tilleggsavtalar innebar at Eide skulle kjøpe skipet tilbake seinare. Ifølgje forsvararen er planen at Eide skal finne nye oppdrag til skipet medan Wirana eig det.

Tilstrekkelege oppdrag dukka derimot ikkje opp, og tilbakekjøpet blei utsett fleire gongar. E-postar frå Wirana hausten 2016 gir inntrykk av at tolmodet deira var i ferd med å ta slutt.

– Vi er veldig skuffa over at de ikkje er kapabel til å oppfylle avtalen, skreiv dei i ein e-post.

Til slutt, i slutten av november 2016, måtte Eide kaste inn handkledet, og vedgå at dei ikkje kom til å klare å kjøpe skipet tilbake.

Årsaka var i all hovudsak dårlege tider i olje- og gassbransjen, skreiv han i ein e-post til Wirana.

I e-posten heldt han fram med å peike på at skrapprisane hadde auka i det siste, og han tilbydde hjelp til å klargjere skipet som framleis låg i Høylandsbygd i Kvinnherad.

Forsvarar Arild Dyngeland sa i sitt innleiingsforedrag at det er vanleg å diskutere skrappris for brukte skip. Stålet utgjer grunnverdien for eit brukt skip, fortalde han i innleiingsforedraget.

– Det kjem min klient tilbake til i si forklaring, men det er ein heilt grei og naturleg forklaring på kvifor det omgrepet blir brukt i diskusjonar, seier Dyngeland til NRK.

Meiner Eide instruerte tilsette

Under sjølve klargjeringa av skipet og seglasen frå Høylandsbygd, var Eide på sjukehus.

Aktor Dahl meiner likevel at Eide tok avgjerder, og fortalde tilsette i Eide-gruppa kva dei skulle gjere.

Då Dahl sa dette i retten rista Eide på hovudet.

– Vi meiner at dei har handla under instruksjon og kontroll av Georg Eide, og at det dermed er han som er strafferettsleg ansvarleg, seier Dahl til NRK.

Retten har sett av tolv dagar til rettssaka.