Løyver 22,1 millionar til næring

Vestland fylkeskommune løyver 22,1 millionar kronar til tiltak for reiseliv og lignande næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge. Også kulturlivet får støtte. – Midlane som vi no har vedteke å sette inn, er akutt-tiltak for å hjelpe der det trengst mest, seier fylkesordførar, Jon Askeland.