Hopp til innhold

Løyver 20 millionar til cruisekai

Luster kommune går inn med 20 millionar kroner i aksjekapital til cruisekai-prosjektet i Skjolden.

Skjolden
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det vedtok eit samrøystes kommunestyre i går.

Forretningsmannen Oddvar Røysi har tidligare sagt at han vil gå inne med ein tilsvarande sum, og ordførar Torodd Urnes meiner kommunen her har fått seg ein billig cruisekai.

- Kommunen set pris på at ein privat investor tek på seg halve kostnaden med cruisekai, så dette er ein billig måte for kommunen å skaffe seg cruisekai på, seier han.

Halvparten frå fylkeskommunen

Av dei 20 millionane som kommunen går inn med er 10,5 millionar ei løyving frå Fylkeskommunen. I avtalen skal Luster kommune eige 49 prosent av aksjane medan forretningsmannen Oddvar Røysi, som tek halvparten av kostnadane med kaien, får 51 prosent av aksjane i Skjolden Cruisekai AS.

For ei krone

Det spesielle med avtalen er at Røysi om fem år får overta aksjane til kommune for ei krone.

 - Dette er ein måte vi har gjort det på, og som vi finn er den rette måten, seier han.

- De er ikkje redd for at nokon kan meine at dette blir konkurransevridande når de går inn med 20 millionar i aksjekapital og samstundes seier at Røysi får førsteretten til å kjøpe aksjane for ei krone om fem år?

- Eg veit ikkje kor mykje eg vil kommentere akkurat det. Men vi føler at dette er ein grei måte å gjere det på, seier han.