Hopp til innhold

Lover langrennsløyper til august

Den seine sommaren er godt nytt for Sognefjellshytta. I år er langrennssesongen utvida med ein månad samanlikna med eit vanleg år.

Eldar Rønning

GODE TILHØVE: Eldar Rønning og skilandslaget er blant mange som nyttar skiløypene på Sognefjellet om somrane. I år er sesongen ekstra lang.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Sognefjellet er eit populært samlingspunkt for både langrennseliten og andre som ønskjer å halde forma ved like om sommaren. No lovar Sognefjellshytta preppa løyper fram til 2. august. Minst.

– Vi kjem til å ha fortløpande vurderingar framover, for å sjå om vi greier å halde langrennsløypene våre opne enno litt lengre. Men det er sjølvsagt vêret som avgjer, seier Råmund Mundhjeld, som driv Sognefjellshytta.

Sjølv om det er uvanleg store snømengder i fjellet i år, har det hendt tidlegare at dei har greidd å halde løypene opne heilt til vintersesongen har starta. Men då med utgangspunkt i snø frå fjoråret. I år byrja dei på bar bakke.

Marit Bjørgen på Sognefjellet

OPPKØYRING: Marit Bjørgen legg ut på tur med Sognefjellshytta så vidt synleg i bakgrunnen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det vi håper er at snøfonnene skal byggje på seg, slik at vi får snø som greier seg gjennom sommaren og at vi dermed kan få ekstra lange sesongar i framtida, seier Mundhjeld.

For Sognefjellshytta er langrennsløypene ein viktig del av butikken. Men Mundhjeld håper at fotturistane ikkje let seg skremme vekk av dei store snømengdene.

– I år har vi faktisk begge deler, det er mogleg å gå på ski, men samstundes mogleg å bruke fjellet til fots, seier han.