Lovar tilgjeving for syndene dersom keisarleg tjuvegods kjem tilbake

Keisar Wilhelm II si statue-gåve til Balestrand blei stolen for to år sidan. No lovar hotelldirektør Sigurd Kvikne å tilgje dersom tjuven kjem tilbake med tjuvegodset.

Sigurd Kvikne i Høyviksalen på Kviknes hotel
kopi av Fridtjov-statuen

PÅ LÅN: Hotelldirektør Sigurd Kvikne i Høyviksalen på Kviknes Hotell. Han har fått låne ein miniatyr av Fridtjov-statuen frå sin reiselivskollega Carl André Riiber i Vik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dersom det kjem ein angrande syndar og leverer tilbake statuen, så tilgjev eg på dagen, seier Kvikne til NRK.

Det var i august 2019 at nokon såg sitt snitt til å stikke av med den 12 kilo tunge og den halv meter høge statuen av sagafiguren Fridtjov den frøkne.

I samband med produksjonen av den gigantiske Fridtjov-statuen på Vangsnes i Vik kommune, laga den tyske bilethoggaren Max Unger tre miniatyrar.

Den 46 centimeter høge bronseminiatyren som stod på Kviknes hotell var i utgangspunktet eigd av kunstmålaren Hans Dahl som var ein god ven av den tyske keisaren.

Kjøpt på kunstnarauksjon

I 1958 kjøpte Martha Kvikne statuen og fleire andre gjenstandar på auksjon i Dahl sin kunstnarvilla.

Ho kjøpte også stolen keisar Wilhelm sat i då 1. verdskrig var eit faktum og han måtte forlate bygda han elska.

Kviknes hotell har ei betydeleg samling av kunst frå 1800-talet, men dette er første gongen noko av stor verdi har blitt stole.

– Det er det mest betydelege tapet vi har hatt. Eg kan ikkje forstå at dei har noko god kjensle når dei går forbi statuen på peishylla si når dei veit at den skulle stått her på hotellet, seier hotelldirektøren.

Slik kunst er vanskeleg å omsette i den opne marknaden, og det er vanskeleg å seie kva statuen er verd i pengar, peikar Kvikne på.

Fridtjof-statuen på Vangsnes.

GIGANT: Keiser Wilhelm hadde stor sans for Noreg og sagahistoria. I 1913 avduka statuen av Fridtjov den frøkne på Vangsnes. Med sokkel er den over tjue meter høg.

Foto: Arild Nybø / NRK

Fekk låne frå nabokommunen

Men no to år etter tjuveriet er han villig til å godta mykje for å få den på plass igjen.

Dei har mellombels fått låne ein annan miniatyr, eigd av reiselivsmannen Carl André Riiber frå Vik i Sogn. Den er solid bolta fast.

– Då han såg at vi var blitt fråstolne vår statue så ringde han og sa at vi kunne få låne hans.

Den tyske keisaren sin kjærleik til Noreg før 1. verdskrigen oppstod nettopp fordi han hadde lese sagaen om Fridtjov den frøkne.

I 1825 skreiv den svenske diktaren Esaias Tegnér eit diktverk basert på denne sagaen, noko som fenga i den europeiske nasjonalismen på 1800-talet.

Keisar Wilhelm II

I BALESTRAND: Keiser Wilhelm var i Noreg kvar sommar frå 1910 til utbrotet av 1. verdskrig i juli 1914.

Foto: Th. Jürgensen / © Fylkesarkivet

– Kan setje den på altanen

Keisaren finansierte bygginga av Fridtjov-statuen på Vangsnes som strekker seg 22,5 meter til vêrs.

Men kvar miniatyren frå Kviknes hotell har blitt av, er det berre tjuven som veit. Men hotelldirektør Sigurd Kvikne vonar at nokon har dårleg samvit.

– Eg har ingen problem med å tilgje syndaren. Dei kan sette den framfor inngangsdøra her eller på altanen slik at vi finn den igjen. Det ville vi vore ekstremt takksame for.

Statuetjuveriet blei politimeld av hotellet i august 2019.

Saka blei henlagt i oktober samme år, grunna «manglende opplysninger om gjerningsmann…». Dei har heller ikkje mottatt tips i saka.