Hopp til innhold

Lovar løysing på miljøbombe ved Fedje

FEDJE (NRK): Regjeringa avgjer i haust kva som skal skje med over 60 tonn kvikksølv i ubåt-vraket utanfor øya, og tiltaka skal vera i gang før stortingsvalet i 2021. Det lova samferdsleministeren på eit folkemøte i kveld.

U-864 animasjon

MILJØBOMBE: Over 60 tonn flytande kvikksølv ligg i stålflasker i ubåtvraket like utanfor norskekysten.

Foto: Kystverket (animasjon)

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Folket på Fedje har kome ut av teljinga på kor mange folkemøte og statsrådsbesøk det har vore om ubåten.

I kveld var det nok ein gong fullsett sal då Kystverket arrangerte folkemøte i den vesle øykommunen med omlag 500 innbyggjarar.

Lokalsamfunnet er oppgitt. Dei har venta på ein konklusjon i 15 år, sidan vraket av U-864 vart oppdaga i 2003.

Miljøgift

Den tyske ubåten hadde 1875 stålflasker med om lag 65 tonn flytande kvikksølv om bord då ein britisk ubåt senka den i februar 1945.

Dette er ei av dei aller farlegaste miljøgiftene, og lekkasjar frå Fedje-ubåten kan få svært alvorlege følger for livet i havet på norskekysten.

Sidan funnet i 2003 har debatten gått om ein skal heva kvikksølvbehaldarane og eventuelt heile vraket, eller dekka til alt der det ligg. På Fedje er folk samstemte.

– Svineriet må vekk, seier Erling Walderhaug, som i ei årrekke var Høgre-ordførar på Fedje.

Erling Walderhaug på Fedje

SVINERI: – Folket på Fedje vil ha kvikksølvet vekk, seier Erling Walderhaug.

Foto: Elise Angell / NRK

Det same seier noverande ordførar Stian Herøy (H).

– Å få opp kvikksølvet er det einaste akseptable for samfunnet her.

Usikkerheit

Jubelen stod høgt lokalt då Stoltenberg-regjeringa i 2009 gjekk inn for heving. Men i 2014 tilrådde Kystverket tildekking, og der står saka.

– Det er ein verkebyll som ligg der på botnen. Me blir ikkje kvitt usikkerheita om kva som skjer no og i ettertida.

Det seier Lisbeth Stuberg som har budd på øya i 24 år.

– No vil me ha avgjerdsdyktige politikar som vågar å fjerna kvikksølvet ein gong for alle.

Ho viser til at Kystverket har sagt det er mogleg å heva lasta.

– Me har teknologien. Det er berre å setja i gang.

Lågast miljørisiko

Men Kystverket gjentok i dag tilrådinga si.

–Tildekking av vrakdelane, lasta og havbotnen har lågast miljørisiko totalt sett, seier beredskapsdirektør Johan Marius Ly.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

GA LOVNAD: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen seier regjeringa i haust skal velja løysing, og at tiltaket kan vera ferdig om tre år.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lovar ikkje heving, men at regjeringa i haust skal bestemma kva som blir løysinga på saka.

– Me skal vera i gang med å gjennomføra tiltaket innan neste stortingsval. Kanskje kan me vera ferdige med arbeidet til då, sa statsråden til dei frammøtte.

– Positivt frå statsråden

Men kva løysinga blir vil han ikkje røpa.

– Det er betydeleg risiko med heving. Du risikerer å spreia driten medan du prøver å løfta det opp. Det meiner eg er mykje verre risiko enn tildekking. Det kan gå gale i den velmeinande prosessen med å heva kvikksølvet. Men viss du lukkast er det sjølvsagt veldig bra, seier Solvik-Olsen.

Jan-Hugo Holten i Norges Miljøvernforbund er positivt overraska over samferdsleministeren.

– Han er open for nye innspel og for andre løysingar enn tildekking. Det er bra. Kystverket har derimot låst seg. Dei har lenge sett bort frå gode løysingar.

Folkemøte om U-864 på Fedje

FULL SAL: Innbyggjarane på Fedje møtte mannsterkt opp på nok eit folkemøte om ubåt-vraket med svært miljøfarleg last.

Foto: Elise Angell / NRK