Hopp til innhold

Lovar gjennomkøyring for vogntog på fylkesveg 60 i Utvik

UTVIK (NRK): Kyrkja i Utvik var nær fylt til randa då det onsdag kveld var folkemøte etter skadeflaumen 24. juli.

Møte i Utvik

FOLKEMØTE: Mange møtte fram for å seie si meining, og høyre kva Statens vegvesen og NVE hadde å seie.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dagen før flaumen køyrde det 3000 bilar gjennom sentrum. I Utvik er frustrasjonen stor over at Statens vegvesen vil bygge opp at brua som var øydelagt i flaumen i same standard som før.

– Eg tykkjer det er ei katastrofe. Det er ein stor skuffelse at dei no vel å bygge opp igjen vegen til dei to bruene med same standard som det var før i seier Tanja Hage.

Les alt om skadeflaumen her.

Vil ha ny bru

Tanja Hage

VIL HA NY BRU: Tanja Hage og innbyggarane i Utvik vil ha ny og større bru

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Brua som vart bygd før krigen er smal og innbyggarane meiner ei av årsakene til at flaumen gjorde så stor skade er at det samla seg opp mykje rask på grunn av midtpilaren på brua.

– Vi fryktar at det same vil skje ved neste flaum Den øvste brua vil framleis vere låg og smal, og den nedste brua kjem framleis til å ha den midtpilaren som gjorde at alt rusk og rask samla seg opp og førte til at katastrofen vart så stor som den vart, seier Hage.

Stort engasjement

I Utvik kyrkje var det onsdag kveld stort engasjement blant dei frammøtte. Det kom mange spørsmål frå salen, særleg til NVE og Statens vegvesen.

Det kom spørsmål om sikring av elva, dimensjonering av vegen og bruene, reinsking av elveløp og vegen vidare.

Fleire uttrykte uro for at det som no blir gjort ikkje er nok til å hindre ein ny flaum. Og i Statens vegvesen har Svenn Finden forståing for frustrasjonen.

– Ja, det forstår eg svært godt, men vi er opptekne av å finne raske og gode løysingar, men vi er opptekne av å finne løysingar som kan vere gode framover, seier Finden.

– Raskaste og beste måte

– Katastrofalt seier innbyggarane, kvifor kan de ikkje bygge ei skikkeleg bru når de først er i gang?

Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane

Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal

– No må vi først få ei skikkeleg oversikt over kva som er behovet. NVE har sagt at dei skal kome med ei analyse over kva som vil vere problemstillingane framover og kor mykje nedbør ein kan forvente. Ut ifrå det vil vi i ettertid kunne dimensjonere bruene.

– Men de er alt i gang med å bygge ei bru, blir ikkje det dobbeltarbeid dersom de må gjere alt på nytt?

– Nei, faktisk ikkje. Vi har funne ut at det er den raskaste og beste og billigaste måten og faktisk bygge opp at brua som er no. For å så å heller ta ei vurdering i ettertid av om det er behov for å bygge ei ny bru med større opning for vatnet å komme igjennom.

På møtet lova Statens vegvesen at innan to dagar skal vogntog kunne køyre gjennom Utvik med leidebil. Frå måndag av kjem det til å vere nattope over Utvikfjellet, med leidebil. Endeleg opning er framleis 20 september.