Hopp til innhold

Haukeland aukar legebemanninga etter at Daniel (43) døydde på akuttmottaket

Fleire legar skal jobba natt på akuttmottaket etter at Daniel Nicolai Guldberg (43) låg halvannan time utan tilsyn.

Triagerom akuttmottaket Haukeland

LOVAR FLEIRE FOLK: Haukeland universitetssjukehus planlegg å auka talet på legar og sjukepleiarar ved akuttmottaket.

Foto: Helse Bergen

Sjukehusleiinga har fått kritikk av Fylkesmannen etter at Daniel Nicolai Guldberg døydde på akuttmottaket i oktober i fjor.

Som NRK fortalde i fjor hadde sjukepleiarane varsla 134 gongar om underbemanning på akuttmottaket før 43-åringen 15. oktober i fjor blei funnen død åleine på eit rom.

– Dette var ein varsla katastrofe, sa føretakstillitsvalt for overlegane då styret i desember gav sjukehusleiinga krass kritikk for den manglande oppfølginga.

No aukar sjukehuset legebemanninga nattetid med to legar. I tillegg oppgir leiinga at det skal tilsetjast fleire sjukepleiarar, utan at dei kan svara på kor mange.

– Me skal ha fleire folk på plass, betre rutinar for korleis me jobbar, og betre flyt i arbeidet på sjukehuset, seier viseadministrerande direktør Clara Gjesdal.

Daniel Nicolai Guldberg og Merethe Nilsen

UTAN TILSYN: Daniel Nicolai Guldberg døydde då han låg åleine på akuttmottaket og ingen kom då han drog i alarmsnora. Her med sambuaren Merethe Nilsen.

Foto: Privat

Alarmen ringde i tre kvarter

Retningslinjene seier at pasientar som Daniel Nicolai Guldberg skal undersøkast av ein sjukepleiar kvar halvtime.

Men då Daniel blei funnen død, hadde han lege åleine i ein time utan å få hjelp. Sjølv om han hadde løyst ut alarmen.

– Det er ikkje slik at ein skal vera redd for å bli lagt inn på akuttmottaket vår, seier fagdirektør Marta Ebbing i Helse Bergen.

Sjukehuset må innan 15. februar levera ein handlingsplan for å betra tilhøva på akuttmottaket. Planen vart drøfta på eit styremøte i går.

– Det er naudsynt å finna løysingar som heile sjukehuset samarbeider om. Det er viktig å få alle med på korleis me skal gjera dette. Det krev tiltak i spesialavdelingane, ikkje berre i akuttmottaket, seier Ebbing.

Clara Gjesdal

VISEADMIN: Viseadministrerande direktør Clara Gjesdal i Helse Bergen.

Foto: Katrine Sunde

Omprioriterer 20 millionar

Eitt av tiltaka er at på det på natta skal vera fem legar på vakt på akuttmottaket. I dag er det tre.

– Me har også styrka medisinsk intensiv overvaking, seier Gjesdal.

I tillegg planlegg leiinga å setja inn fleire sjukepleiarar. Pengane kjem etter ei omprioritering av 20 millionar kroner i neste års budsjett, nettopp for å auka bemanninga på akuttmottaket.

– Me har også snakka med sjukepleiarforbundet og medarbeidarane om å ha to ekstra på vakta på alle skift alle dagar. Samstundes treng me gode rutinar for å kalla inn ekstra folk når behovet toppar seg, for aktiviteten på akuttmottaket svingar veldig, seier Gjesdal.

Sjukehuset er også nærare ei løysing som skal gi betre pasientflyt frå akuttmottaket til andre avdelingar.

Marta Ebbing

FAGDIREKTØR: Marta Ebbing er fagdirektør i Helse Bergen. – Me trur nok det skal vera trygt og godt å komma til akuttmottaket.

Foto: Runa Victoria Engen

Krev at alle nivå tar grep

I styremøtet i desember bad fleire styremedlemmer om detaljar rundt bemanningsutviklinga i mottaksklinikken, og meir fokus på pasientryggleik, i neste verksemdsrapport eller munnleg orientering frå leiinga.

Ifølge Ebbing var styret positive til dei skisserte planane.

– Dei utfordra oss også på korleis leiinga på alle nivå tar fatt i dette – både toppleiinga, dei som leiar avdelingar og klinikkar, og heilt ned til teamleiinga «på golvet».

Ikkje alle tiltak vil vera gjennomført til 15. februar, men då skal plan og fristar for det vidare arbeidet vera klart.