Hopp til innhold

Lovar ei veke med vakkert haustvêr

Meteorologane lovar no fint vêr i Sogn og Fjordane fram til torsdag – fredag i neste veke.

Låg haustsol over Nordfjorden

VAKRE HAUSTDAGAR: Låg haustsol over Nordfjorden.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det ser ut til å bli austavêr heilt fram til torsdag - fredag i neste veke, og det er ein veldig tørr vêrtype så det ganske bra for Sogn og Fjordane. Temperaturane er kjempefine, dei ligg kring 18 grader på sundag og måndag og for så vidt heile neste veke, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Fredag var det temperaturar opp mot 23–24 grader og strålande haustsol fleire stader i fylket. Berre i Nordfjord var det skodde først på dagen, men den letta ut over dagen. einaste minuset er nattetemperaturane som no byrjar å krype ned mot fem grader.

– Det blir fort kjølig når sola går ned.

Finaste dagen

Laurdagen ser ut til å bli den finaste dagen denne helga.

Geir Ottar Fagerlid

FINT VÊR: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Det blir om lag som fredag, men med litt meir vind. Det betyr at det kan kjennast litt kaldare sjølv om vi ventar temperaturar opp mot 20 grader. Men med vind som kan kome opp i liten kuling utsette stader er det ikkje fare for skodde.

Sundag skyar det til litt, men det er ikkje venta dei store nedbørsmengdene.

– Vêret ligg på aust, og det er normalt sett ein veldig turr retning, men det skal skye til på sundag så det kan hende det kjem nokre drypp, men det er veldig små mengder det er snakk om.

Valdagen

Små drypp kan det bli også på måndagen, men også valdagen ser i utgangspunktet ut til å bli ein fin haustdag.

– Det er snakk om små mengder, under fem millimeter. Det ser ut som det kan bli fint på valdagen også, det kan kanskje føre til låg valdeltaking, så kanskje vi skal håpe på litt regn måndagen så alle går til valurnene?