Lovar bort 245 millionar

Liv Signe Navarsete opnar for store ekstraløyvingar til helseføretak.

Liv Signe Navarsete

PENGEDRYSS: Liv Signe Navarsete lovar 245 millionar til Helse Vest.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Helse Vest får 245 millionar kroner ekstra i budsjettet for 2010.

Det lovar senterpartileiar Liv Signe Navarsete.

Vil jamne ut forskjellar

Regjeringa vil løyve ekstramidlar til Helse Vest, Helse Midt og Helse Nord for å jamne ut forskjellar mellom helseføretaka i landet.

Av dette vil Helse Vest få 245 millionar, pengar som kjem i tillegg til venta rammevekst og det ordinære budsjette.

Pengar til Helse Førde

Senterpartileiaren meiner ekstraløyvinga også vil komme Helse Førde til gode.

- Dette vil vere med og styrkje også Helse Førde sin økonomi, seier Navarsete.

Helse Førde slit med eit underskot på over 100 millionar kroner.