Lovar at Knarr-drifta ikkje blir flytta frå Florø

Driftssenteret for Knarrfeltet vil ikkje bli flytta til Kristiansund. Det fastslår kommunikasjonsdirektør i norske Shell, Jan Soppeland.

Jan Soppeland

Jan Soppeland seier det ikkje er planar for å flyttte arbeidsplassar frå Florø til Kristiansund.

Foto: Norske Shell

Det var måndag føremiddag at denne meldinga på Kristiansund kommune sine heimesider skapte frykt for at arbeidsplassane ved driftsenteret for Knarrfeltet i Florø kunne vere i fare. Soppeland fortel at planen er å behalde arbeidsplassane i Florø.

– Det er slik at vi no held på med å slå saman dei norske verksemdene til Norske Shell og BG Norge. Og planen vår er at driftsenteret for Knarr skal bli verande i Florø, vi har ingen planar om å flytte det til Kristiansund.

Soppeland fortel at frykta stammar frå ei missforståing, og at det er funksjonar fdrå andre stader som no ender opp på Nordmøre.

– Det som har vore situasjonen tidlegare er at driftssenteret i Florø fekk støtte frå BG sine avdelingar i Stavanger og Storbritannia. Det er denne støtten som no blir flytta til driftsavdelinga vår i Kristiansund.

«Petrojarl Knarr» på veg inn til Haugesund

PLATTFORMSKIP: «Petrojarl Knarr».

Foto: Tor Andre Johannessen

Opna av Tord Lien

Knarrfeltet er eit olje- og gassfelt i den nordlege delen av Nordsjøen, 120 kilometer vest for Florø. «Petrojarl Knarr» er eit plattformskip som har lagerkapasitet på 131.000 m³ og maksimal oljeproduksjon på 10.000 m³ per dag.

Norske Shell har kjøpt opp BG Group Norge, som står for drifta av Knarrfeltet. Det er i samband med dette oppkjøpet at misforståinga om at driftsorganisasjonen skulle flyttast til Kristiansund oppstod.

I mai i fjor blei Knarrfeltet opna av olje- og energiminister Tord Lien (Frp). Den gongen sa han følgjande til NRK.

– Det er den første plattforma som er drive av BG på norsk sokkel. Det er ein installasjon som vil skape store verdiar for Norge og ikkje minst varig sysselsetting her i Sogn og Fjordane.