Hopp til innhold

Regjeringa vil ikkje love noko til bedrifter med «straumsjokk»

Høgre krev at industrien får straumhjelp. Næringsministeren svarer at han vil lytte, men vil ikkje love noko.

FREVAR - Fredrikstad Vann, Avløp og Renovasjonsforetak

STRAUMHJELP: Regjeringa vil ikkje kome med nokre signal om straumhjelp til næringslivet.

Foto: Thorfinn Bekkelund / Samfoto

– Det er fint at næringsministeren reiser rundt og lyttar, men forståing betaler ikkje rekningar, seier Tina Bru (H), som sit i finanskomiteen på Stortinget.

Ho legg til:

– No må regjeringa stokke beina under seg, og slutte å skyve EØS-regelverket framfor seg.

I går vitja næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) fleire verksemder i Førde i Vestland (ein del av landet der straumen er billig).

Der forsikra han eit knippe bedrifter om at han «følger situasjonen nøye» og at han vil fortsetje å ha «regelmessig dialog med partane», men ville ikkje kome med nokre signal om straumhjelp til næringslivet.

I staden viste han til at «det er berre nokre dagar sidan» at Stortinget slutta seg til ordningar på 20 milliardar som skal hjelpe næringslivet gjennom pandemien.

 Tina Bru (H)

HANDLING OVER ORD: – Forståing betaler ikkje rekningar, seier Tina Bru (H), som sit i finanskomiteen på Stortinget.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Problematisk at berre landbruksnæringa får straumstøtte

Ropet om straumhjelp til næringslivet har auka i styrke etter at det i førre veke vart lagt fram ein ny straumpakke for leilegheiter og einebustadar.

I tillegg er det kompensasjonsordningar for jordbruk, veksthusnæringa og frivillig sektor.

Men altså ikkje for næringslivet.

Tore Vamraak er sjeføkonom i Econa, som er ein interesse- og arbeidstakarorganisasjon for økonomar.

På Dagsnytt Atten uttala han at «det er problematisk» at berre landbruksnæringa får straumstøtte.

– Her vil andre næringsdrivande føle at dei må betale rekninga. Mens nokre få som roper høgast, og som kanskje har best kanalar inn mot regjeringa, får denne type støtteordningar, seier han.

Mekling i frontfaget

KRISE: – Det er krise, og berre styresmaktene kan gjere noko med det akkurat no, seier Stein Lier-Hansen, som er leiar i Norsk Industri.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Nedringt av bedrifter i straumsjokk

Til NRK seier Norsk Industri at dei vert «nedringt av bedrifter i straumsjokk».

– Det er krise, og berre styresmaktene kan gjere noko med det akkurat no, seier Stein Lier-Hansen, som er leiar i Norsk Industri.

For å «legge straumpress på regjeringa» har landsforeininga formulert fire krav:

  • Kompensasjonsordning til bedrifter for første kvartal
  • Kraftgarantiordninga bør utsides til alle bedrifter med meir enn 10 GW forbruk
  • Fleire bedrifter må få tilgang på langsiktige straumavtaler
  • Nye industrietableringar bør sikrast gode straumavtaler
Lønnstøtte

VIL LYTTE: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil ikkje kome med nokre signal om straumhjelp til næringslivet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Også frå andre deler av opposisjonen vert det hevda at regjeringa ikkje er merksam og offensiv nok.

I motsetning til regjeringa tek vi omsyn også til næringslivet, som var inkludert i forslaget vårt, seier Frank Sve som sit i Energi- og Miljøkomiteen for Framstegspartiet på Stortinget.

Forslaget frå Frp om å innføre ein mellombels makspris på straum (på 50 øre per kilowattime) vart røysta ned i førre veke.

Det same vart framlegget frå Raudt ein makspris på 35 øre per kilowattime for landets straumkundar.