Hopp til innhold

VG: Sp og Ap lovar halv pris på ferjebillettar

Sp og Ap lovar i regjeringsplattforma å gi halv pris på ferjebillettar, og gratis ferje på strekningar under 100.000 passasjerar.

Bilferja Moldefjord

RIMELEGARE: Alle skal få halv pris, dei minst trafikkerte sambanda blir gratis med opplegget i regjeringserklæringa.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det stadfestar Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ovanfor VG.

Også øysamfunn utan anna samband enn ferje skal få overfarta gratis.

Lågare ferjeprisar har vore ei kampsak for kystfylka i ei årrekkje. Ein av dei som jublar er fylkesordførar Jon Askeland (Sp)

– Dette betyr utruleg mykje for Vestland. For ein gjennomsnittleg øyfamilie snakkar ein om titusenvis av kroner i året i betring for økonomien, seier Askeland til NRK.

Askeland skildrar gjennomslaget som ei kampsak for Sp-folk i Vestland.

Fylkesordføraren kan ikkje seie på ståande fot kor mange samband som vil bli gratis i løpet av fireårsperioden.

Utsikt frå Alden mot Værlandet og Bulandet.

GRATIS: Øysamfunnet Værlandet i Vestland er blant dei som kan få reise gratis med ferje.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Også dei borgarlege har lova kutt

Seinast i revidert nasjonalbudsjett i vår gjekk den noverande regjeringa inn for å redusere ferjeprisane.

Innan 2025 har den borgarlege regjeringa lova at prisane skal halverast. Då vart halveringa rekna til å koste staten anslagsvis 1,2 milliardar kroner.

Det vart også sagt at fylka sjølve skulle få bestemme takstkutta.

No går altså Sp og Ap inn for eit endå meir kostbart opplegg i regjeringserklæringa.

– Vi slår fast at vi vil halvere ferjeprisane i Noreg. I øysamfunn utan anna samband enn ferje blir overfarten gratis. I tillegg blir det gratis ferjer på strekningar der det er færre enn 100.000 passasjerar i året, seier Trygve Slagsvold Vedum til VG.

I fylgje Jonas Gahr Støre er dette eit viktig grep for å jamne ut skilnadar og sjå heile landet.

– Det er urimeleg at dei som må ta ferje for å kome på jobb, møte familie eller kome rundt med varene sine, skal ta heile rekninga, seier den påtroppande statsministeren til VG.

Støre og Vedum seier ordninga vil bli innført i løpet av fireårsperioden.

Regjeringsforhandlinger på Hurdal

REGJERINGSKAMERATAR: Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Foto: Terje Pedersen / NTB