Hopp til innhold

Slaktar Northugs poker-flørt

Direktøren i Lotteritilsynet rettar knallhard kritikk mot Petter Northug jr.i samband med langrenskongens pokerspel.

Petter Northug

FÅR KRITIKK: Petter Northug sitt pokerspel.

Atle Hamar

– UHELDIG: Petter Northug burde tenkje på at han er eit føredøme for born og unge, meiner direktør Atle Hamar i Lotteritilsynet. Han fryktar Northug sitt profilerte pokerspel kan gi nyrekruttering.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Northug har dei siste dagane site rundt dei grøne filtborda i Monte Carlo og spelt poker, eit pengespel som i Norge er ulovleg.

– Han profilerer ein ulovleg aktivitet

– Det er ugreitt at Norges fremste idrettsutøvar profilerer ein ulovleg aktivitet, seier Atle Hamar, direktør for Lotteri- og stiftingstilsynet.

Northug sin sponsor, Vi Menn, har kjøpt plass til han i finalen i European Poker Tour, og han skal seinare til poker-VM i Las Vegas. Men direktøren i Lokkeritilsynet har svært liten sans for Northugs poker-engasjement.

LES OGSÅ:

Førebilete for born og unge

– Petter Northug er kanskje vår fremste idrettsutøvar. Han er eit enormt førebilete for born og unge. Når vi veit at nettopp poker er det største avhengigheitsskapande pengespelet i Norge i dag, så er det kanskje ikkje greitt at topp profilerte idrettsutøvarar profilerer pengespel på ein slik måte, seier Hamar.

Han har sjølv mange år bak seg som idrettsleiar i heimkommunen Jølster. På sin private blogg går tilsynsdirektøren hardt ut mot Northug.

– Byt fokus, Nordthug!

– Eg rådar Petter Northug til å fokusere på andre aktivitetar som kanskje kan vere eit meir positivt førebilete for dei han nettopp er eit sterkt førebilete for, nemleg barn og unge som er idrettsinteresserte.

Hamar er dermed på line med generalsekretær Inge Andersen i Norges Idrettsforbund, som i går sa følgjande om Northug sin nye lidenskap.

– Vi skal ikkje rekruttere pokerspelarar til det norske samfunnet.

Ok for sportssjefen

Men sportssjef i langrenn, Åge Skinstad, meiner det må vere opp til Northug sjølv om han vil spele poker.

– No er vi utanfor sesongen. Då tykkje er vi skal respektere dette som hans val.

Fryktar unge gjer som Northug

Hamar fryktar fleire barn og unge vil ta etter Northug, og byrje med poker.

– Vi veit frå hjelpetelefonen for speleavhengige at ein god del ungdom har slite mykje med nettpoker og har tapt mykje pengar på grunn av dette.

Petter Northug jr. har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.