Lotetunnelen evakuert etter kollisjon

Tre personar er sende til sjukehus etter ein kjedekollisjon i Lotetunnelen på E39 i Eid.

Lotetunnelen stengd

SPERRA VEGEN: Ingen fekk køyre gjennom tunnelen medan bilane og personane blei frakta ut.

Foto: Anita Ingebrigtsen/Fjordabladet

Alle naudetatane rykka ut til staden. Tunnelen blei evakuert medan bilane blei berga.

Fire bilar var involverte i uhellet som skal ha skjedd i låg fart. Tunnelen er no open att etter kollisjonen.