Hopp til innhold

Lote-Anda-tap også i Ap

Sogn og Fjordane Arbeidarparti stadfesta på årsmøtet sitt i helga at dei vil ha E39 i indre Nordfjord om Stryn.

Ap-avrøysting om E39

MOT OVERMAKTA: Berre 11 gjekk inn for Lote-Anda på årsmøtet til Sogn og Fjordane Ap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dermed vart det nok eit nederlag på Eid og Gloppen, som vil ha bru mellom Lote og Anda. For vel ei veke sidan gjekk årsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre også inn for bru i indre del av fjorden.

– Vanskeleg å drive valkamp

Leiar Siri Sandvik i Eid Ap seier det blir tøft å drive valkamp i midtre Nordfjord.

– Det blir veldig vanskeleg, for dette er ei av dei store sakene som gjeld regionen her. Dersom det ikkje kjem ein Nasjonal Transportplan med midtre trasé så blir det veldig vanskeleg å fronte samferdselspolitikk i vår region.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti har no samla seg om at E39 bør gå i indre Nordfjord, framfor i midtre med bru over Lote - Anda. Det er noko både fylkesstyret og fylkestingsgruppa har flagga før, men partiet har ikkje hatt eit årsmøtevedtak om det før no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siri Sandvik på Ap-årsmøte

- VANSKELEG VALKAMP: Leiar Siri Sandvik i Eid Ap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I soleklart mindretal

Berre 11 av over 100 delegatar røysta i mot. Mellom dei var Siri Sandvik i Eid Ap.

– Dette vedtaket får vi ikkje gjort noko med, men interne kampar om dårleg prosess kjem vi til å halde fram med.

Kva meiner du med det?

– Vi er ikkje nøgd med at Arbeidarpartiet ikkje har gode prosessar i viktige saker.

– Kva er det som ikkje er godt med denne prosessen?

– Den har aldri vore debattert som sak i seg sjølv.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nils P. Støyva

- IKKJE VANSKELEG VALKAMP: Fylkesleiar Nils P. Støyva.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Styret har full tillit


Men fylkesleiar Nils P. Støyva meiner at styret og gruppa har full tillit i det som er gjort i saka, og han trur partiet vil stå sterkt i valkampen.

– Arbeidarpartiet har ei rekkje gode saker, så eg kan ikkje sjå at det blir vanskeleg å drive valkamp i nokon kommune i fylket.

– Burde de ha teke opp denne saka for lenge sidan?

– No valde vi å behandle saka i styret og gruppa, og vi valde den behandlingsmåten for eitt år sidan, og no har årsmøtet stadfesta det.

Då Høgre gjorde same vedtaket førre helg, førte det til utmeldingar. Sandvik er usikker om det vil skje i Ap.

– Eg veit ikkje om det vil skje etter den vendinga saka har teke no, men vi hadde utmeldingar i Eid Arbeidarparti etter den snuoperasjonen partiet hadde i fylkestinget i fjor.