Hopp til innhold

– Elev forsøkt lokka på veg heim frå skulen

Ein elev ved Damsgård skule skal ha blitt forsøkt lokka inn i ein kvit varebil. Foreldra ved skulen er varsla.

Det skriv Bergens Tidende. Foreldre til barn ved Damsgård skole i Bergen vart i dag varsla om at ein av elevane i storskulen skal ha blitt forsøkt lokka av ein person i ein kvit varebil.

Eleven opplevde det på veg heim frå skulen tysdag ettermiddag. Hendinga er ikkje varsla

Fleire episodar

Det har vore fleire episodar med lokkeforsøk i Hordaland den siste tida. Politiet på Sotra og Askøy etterforskar totalt fire episodar med lokkemenn, medan ei femte sak kom inn politiet i Nordhordland i førre veke.

Gårsdagens episode på Damsgård er ikkje registrert hjå operasjonssentralen eller hjå Bergen sentrum politistasjon ifølge BT.

Lokkemenn og blotting på Sotra og Askøy