Hopp til innhold

Lokkar store artistar ytst ut i havgapet

SKJERJEHAMN (NRK): Utkantfestivalen trekker internasjonale artistar andre festivalar berre kan drøyme om. Og det heilt ytst ute i havgapet, i ei grend som eigentleg var fråflytt og forfalle.

Veronica Maggio

POPDRONNING: Veronica Maggio har spelt på mange store areanar dei siste åra, men kanskje ikkje på ein stad som Skjerjehamn

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

– Vi har jo haldt på med dette ei stund no, også brukar vi veldig mykje tid på booking. Vi jobbar med dei artistane vi har lyst på lang tid i forvegen, seier festivalsjef Viggo Randal.

Skjerjehamn/Utkant

SJEFEN: Viggo Randal er sjefen for Utkant, og skal ha mykje av æra for den imponerande line-upen i år

Foto: Åsta Urdal / NRK

Og resultatet er imponerande. Artistar som The Dandy Warhols og Veronica Maggio har kanskje ikkje spelt for eit knippe regnvåte menneske i eit fiskever før, men i Skjerjehamn verkar det heilt naturleg.

Kanskje er også den særeigne plasseringa av festivalen noko av forklaringa på suksessen. Det skal godt gjerast å finne ein meir kronglete stad å arrangere, men det skal og godt gjerast å finne ein meir veleigna konsertstad.

Teltgjeng

TELTGJENG: om ein ikkje har båt kan ein sove i telt

Foto: Jostein Vedvik Teltgjeng

Samhald rundt båtane

Sjøbuene heilt ute i Gulen låg heilt forfalle for litt over ti år sidan, men no kjem folk altså frå land og strand for å fylle dei med liv. Og dei fleste gjer det med båt.

Båtfolket på Utkant

VANSKELEG MED BIL: det er ikkje lett å kome til Skjerjehamn med bil i festiivaltida, så ein god båt er eit godt råd om du vil på utkantfestivalen

Foto: Jostein Vedvik

– Båtlivet er ein veldig viktig del av festivalen. Det er rundt båtane mykje av samhaldet på festivalen vert skapt, seier festivalsjefen.

Og folk kjem i alt ifrå små tresnekker til store fiskeskøyter. Det er derimot ganske få som kjem i bil, for då får ein ikkje eingong lov til å køyre ned til festivalområdet.

Festivalfolket ser likevel ikkje ut til å bry seg med det, men tek det meste med godt humør.

i gummibåt

GUMMIBÅT: ein båt av gummi er også ein båt

Foto: Jostein Vedvik

Bygde opp att Skjerjehamn

Også mannen bak fornyinga av Skjerjehamn er strålande fornøgd på tiårsjubileet for Utkantfestivalen.

Ola Braanaas

NØGD: Ola Braanaas likar det han ser på staden han bygde opp frå grunnen av

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det er fantastisk å sjå korleis plassen vert brukt. Dette er heilt i tråd med intensjonen. Eg ville gjere noko med denne plassen, gje han nytt liv, og no er det jo absolutt liv her, seier Ola Braanaas.

Båtfolk på Utkant

BÅTSTEMNING: båten er ein viktig møtestad på utkantfestivalen

Foto: Jostein Vedvik

Han kjøpte den forfalne bygningsmassen i Skjerjehamn, og bygde opp noko heilt nytt. Han stod og bak å hente den fem meter høge statuen av Kong Olav til hamna. I sum la han grunnlaget for det som no er eit kystsamfunn som i allefall i den siste helga i juli yrar av folkeliv og fest.

– Det er ein heilt spesiell plass her ute. Nokon måtte gjere noko for å redde denne staden, og den kunne like godt vere meg som nokon andre, seier Braanaas.