Hopp til innhold

Varierande forhold gir lokal skredfare

Flakskred kan gå på svært lokale plassar i høgda. Dette skredet vart løyst ut av skiløparar.

Sandfjellet

SNØSKRED: Eit turfølgje hadde flaks då dette snøskredet på Sandfjellet i grenseområdet mellom Førde og Naustdal gjekk søndag.

Foto: Brit Siv Fimland

– Faregrensa er på nivå 2 som ikkje er så mykje, men lokalt kan det vere store variasjonar. Så det er skredfare, men det er høgt til fjells i eit avgrensa område.

Det seier Brit Siv Fimland medan ho er i ferd med å ta seg opp til Sandfjellet i grensa mellom Førde og Naustdal.

Moderat skredfare

– Det kan vere vanskeleg å sjå kvar det er skummelt å gå og kvar desse laga finst. Dermed bør ein vere obs på viss ein går i bratt terreng, særleg i meir enn 30 graders helling, seier Fimland.

I Sunnfjord er faregraden i regionen kategorisert til nivå 2. Men det blir presisert at det lokalt er ustabile forhold i høgda.

– Generelt er det stabilt. Men det er såkalla kantkornsnø mellom skare og nysnø på toppen. Det er det som er dei farlege områda.

Forventet vær fører til en økende fare når dagen er på det varmeste i bratte solsider. Vær oppmerksom på at det finnes heng med aktivt kantkornlag under fokksnøen enkelte steder.

Varsom.no

Flakskred utløyst av skikøyrar

På Sandfjellet gjekk det søndag eit snøskred som vart løyst ut av ein skikøyrar.

– Det var eit flakskred som vart løyst ut av ein skikøyrar i 14.15-tida. Skredet skal ha losna to meter frå skiløparane, fortel Fimland som legg ut observasjonane sine på varsom.no.

Ho etterlyste på Facebook om nokon kjende til kven og kva som løyste ut skredet.

– Skredet løyste ut først som eit mindre skred 20 X 30 meter. Men etter eit par minutt kom resten av sida etter eit par minutt.

Snøskred på Sandfjellet

LOSNA: Først gjekk eit mindre skred. Deretter losna heile flaket.

Foto: Brit Siv Fimland

Snøskredet er ikkje så djupt, men stort nok til å ikkje vere bra å hamne i det.

Større skredfare i Sogn

I Sogn er snøskredfaren større enn i Sunnfjord. Der har varsom.no kategorisert faregraden til 3 og rekna som betydeleg. Søndag mista ein mann livet i eit skred i Aurland. Fimland har fått fleire meldingar om at det er observert snøskred andre stadar i regionen.

– Det same forholdet med eit kantkornlag mellom skare og nysnø registrerte eg sjølv i eit lite område på Olahansen i Jølster før helga.

–Eg har også fått melding om at det er registrert snøskred på Bjørsetfjellet i Jølster, og var i område der det vanlegvis renn ned folk.