Hopp til innhold

Lokalt brann- og redningskorps kan måtte aksjonere mot gjerningsmenn

I eit nytt forslag frå Helsedirektoratet vert det lagt opp til at lokalt brann- og redningspersonell kan ta større ansvar i naudsituasjonar med pågåande livstrugande vald.

Busstragedie på Valdresekspressen

GREIP INN: I samband med trippeldrapet på Valdresekspressen greip brannvesen inn då dei var på staden lenge før politiet. Retningslinjene til helse og brannvesen i dag er at dei skal vente på politiet før dei grip inn. No vil Helsedirektoratet at brannvesen og anna redningskorps skal ha høve til å ta slike avgjersler sjølv når det er snakk om livstrugande vald.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Dette konkrete forslaget medfører at våre folk i brann og redning får utvida oppgåver, større ansvar, og i større grad overtek oppgåver som staten skal ha, seier ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.

Helsedirektoratet sende nyleg ut på høyring eit forslag til «nasjonal prosedyre for naudetatane sitt samvirke ved pågåande livstrugande vald».

I dag har helsevesen og brannvesen klare retningslinjer om at dei skal vente på politiet i slike situasjonar.

– Vert ei utfordring

Noralv Distad

SKEPTISK: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, fryktar for konsekvensane dersom forslaget til Helsedirektoratet blir vedteke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men i forslaget til nye prosedyrar frå Helsedirektoratet står det mellom anna at når politiet ikkje har kome til staden, «skal leiar for brann og/eller helse sjølv vurdere om tiltak kan setjast i verk mot gjerningspersonen (ane) før politiet sin framkomst».

Som døme på dette skriv Helsedirektoratet at «brann held gjerningspersonen (ane) i sjakk med trykksett slange, brannsløkkingsapparat, gaffatape eller anna relevant verktøy».

Eit ferskt døme på at slikt faktisk har skjedd er trippeldrapet på Valdresekspressen, der brannvesenet trassa ordrar og greip inn.

Ordførar Distad seier slike oppdrag vil krevje mykje av dei lokale redningstenestene.

– Dette set store krav til både opplæring og andre ting. Det vert ein utfordrande situasjon for vårt lokale brann- og redningskorps, seier han.

Redd det forsterkar sentralisering

Ordføraren er redd dette vil føre til større grad av aksept av at politiet kjem seinare til staden enn brannvesen og helse.

– Eg er og redd for at dette er med å slår fast ein uheldig situasjon, nemleg at brann- og redning er dei første som kjem til staden, og at det vert altfor lenge å vente på politi og ambulanse.

Difor er oppfordringa klar.

– Min sterke appell er at fokuset vert konsentrert på kort responstid for politi og helse, slik at dei skal vere raskt på staden. Det er det me treng, me må ikkje hamne i ein situasjon der statlege styresmakter overlèt til kommunane og våre brann- og redningsfolk å utføre statlege oppgåver.

Han er redd for at forslaget vert ein ytterlegare argument for å sentralisere andre etatar.

– Eg er redd for at det vert konsekvensen, og det er eg ærleg på. Over fleire år har det vore vekk med lensmannskontor, sentralisering av ambulanseteneste. Dette er uheldig fordi det allereie har overført meir arbeid til det lokale brann og redningskorpset, og eg er redd for at dette går i same retning.

– Staten må inn med ekstra ressursar

Han meiner at det i enkelte tilfelle kan vere rett at lokalt brann- og redningskorps skal ha større oppgåver, men meiner det ikkje må medføre at politi og helse reduserer sine tilbod i distrikta.

– Snarare tvert i mot, så bør dei stadfeste at dei vil trappe opp den innsatsen dei gjer, ein innsats vi er heilt avhengige av.

– I mange situasjonar er politiet dei siste på staden – kan det ikkje då vere positivt at dei som er der og ser ting, tek ei vurdering ut ifrå det dei opplever?

– Jo, og vi har veldig dyktige folk, som er i stand til å ta solide vurderingar av kva dei skal gjere, men deira primære oppgåve er brann og redning, det er deira hovudansvarsområde. Dersom dei også skal utføre operative polititenester, og får eit større ansvar på det, så må det følgjast opp med opplæring. Og i tilfelle me skal gjere det, må staten inn med ekstra ressursar,

– Og då tykkjer eg det er betre at staten går i seg sjølv, og tek det ansvaret dei faktisk har på helse og politi.

Helsedirektoratet ønskjer ikkje å kommentere saka så lenge den er til politisk behandling. Høyringsfristen er sett til slutten av september.