Hopp til innhold

Denne bygda må betale prisen for strengare miljøkrav til cruiseskipa

Regjeringa vil ha ureinande cruiseskip bort frå verdskjende fjordar som står på UNESCO si verdsarvliste. Resultatet er at skipa ankrar opp i nabofjorden og i staden fraktar mange tusen passasjerar med bussar nesten 20 mil.

Vik

IDYLL: Vik kommune er ein idyll som ligg utanfor verdsarvområdet Nærøyfjorden.

Foto: Bjørn Sæbø

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Reiarlaga som eig eldre og ureinande cruiseskip jaktar no desperat på nye hamner når dei frå 2020 ikkje lenger får gå inn til turistmagnetane inst i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. I Sogn har dette gitt ein litt spesiell effekt.

I vesle Vik kommune litt lenger ute i Sognefjorden har nemleg talet på cruiseskip som kjem til bygda dobla seg. Vanlegvis ankrar 10–15 cruiseskip opp i bukta utanfor bygda. I 2020 vil talet auka til 30, og det er venta å vekse meir.

Må køyre buss nesten 20 mil

Næringssjef i Vik kommune, Odd Rune Turvoll, er rimeleg trygg på kva som er forklaringa.

– Det blir delvis spekulasjon, men truleg er det strengare miljøkrav i Nærøyfjorden som gjer at desse båtane ikkje får gå inn til Flåm. Då vel dei heller å kome hit til Vik. Deretter sender dei passasjerane med buss inn til Flåm, seier Turvoll.

Det betyr at fleire tusen passasjerar i løpet av ein sommar må køyre nesten 20 mil tur-retur over fjellet til Flåm i nabokommunen. Slik kan reiarlaga sleppe unna dei nye krava. Og for folk i Vik betyr dette at dei vert sitjande igjen med utsleppa som naboane til no har levd med.

Vil ikkje ha utsleppa til naboane

Turvoll meiner dei kanskje bør stille strengare krav til kva båtar som kan få kome til bygda.

– Dilemmaet er at fleire anløp vil vere bra for reiselivsnæringa, men på den andre sida er det utsleppa, seier han.

Kastar ut verstingane

Bakgrunnen for den litt spesielle situasjonen i Vik er at regjeringa har bestemt at det skal innførast strengare utsleppskrav i verdsarvfjordane. Frå 2020 slår reglane inn for fullt.

Cruiseskip i Sogn

AVGASS: Røyk frå cruiseskip i Aurlandsfjorden.

Foto: Erling Oppheim / Nærøyfjorden verdsarvpark

Flåm som er blant landets mest besøkte turistattraksjonar vil merke følgjene. Av dei 175 cruiseskipa som er venta å kome til bygda i 2020 er 76 bygde før år 2000.

– Dei fleste av båtane frå før 2000 greier neppe utsleppskrava utan ombygging, seier hamnesjefen i Flåm, Jostein Lange Bergset

– Vi har alt hatt eitt cruisereiarlag som avlyser turen til Flåm. Vi ser at båtar har booka seg til Vik. Vi fryktar at fleire reiarlag kan finne andre hamner, seier Bergset.

Hamnesjef i Aurland Jostein Lange Bergset

SPENT: Jostein Lange Bergset er hamnesjef i Aurland.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Vi ynskjer krava velkomne, men vi skulle ønskt dei gjaldt alle norske hamner. Det er ikkje ein god konsekvens av dei nye reglane om skipa går til andre hamner og blir bussa inn, seier Bergset.

Vil vurdere at fleire hamner skal få nye krav

Klima og miljøminister Ola Elvestuen (V) vil vurdere om andre fjordar også skal få strengare miljøkrav.

– Sjøfartsdirektoratet skal og sjå på andre fjordar om vi kan stille dei same krava der, seier han.