Hopp til innhold

Lokalmiljøet har trygla om sikrare veg i Øygarden: – Går med hjarta i halsen

Ein 12 år gamal gut døydde i Øygarden i går etter å ha blitt påkøyrd. Dei lokale har bedt om lågare fartsgrense langs strekninga, men har fått nei.

Eriksen

HJARTA I HALSEN: Stein Erik Eriksen seier han går med hjarta i halsen når han ser korleis folk køyrer langs vegen der dødsulukka skjedde.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Enkelte gongar går eg med hjarta i halsen når eg ser korleis folk køyrer her, seier Stein Erik Eriksen.

Han bur på Toftøy i Øygarden, og gjekk på tur i nærleiken då dødsulukka skjedde tysdag ettermiddag.

Det er framleis uklart kva som er årsaka til ulukka.

Han var rundt 300 meter frå ulukka, då han såg mange bilar bremsa ned.

– Då eg passerte ulukka såg eg at det var nokon som heldt på gjenoppliving av eit menneske som låg der, seier Eriksen.

Les også Politiet har henta inn videoovervaking etter at gut (12) døyde etter påkøyrsel

Blomster etter bilulykken i Øygarden 14.06.2022

Mange nestenulukker

Han har budd her i rundt seks år. På den tida har det vore mange nestenulukker og det han kallar «rå køyring».

– Det er mange som ikkje passar seg. Dei trakkar for hardt på gassen, og køyrer gjerne forbi. Og det framfor krysset, seier Eriksen.

Eriksen meiner 60-sone bør forlangast, i tillegg til andre tryggleikstiltak.

– Ein bør setta opp autovern på heile vegen, det manglar jo, seier han.

Blomster ulykkestedet

PÅKØYRD: Ein 12 år gammal gut mista livet tysdag etter at han var påkøyrd av ein bil. Lokalbefolkninga har bedt om å få redusert fartsgrensa, men har fått avslag.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Har gått og venta på dette

Det er 80-sone på strekninga og berre delvis autovern.

Frå busslomma må passasjerane kryssa vegen til bustadfeltet. Men det finst ikkje gangfelt.

Lokalbefolkninga har ynskja seg 60-sone langs strekninga, og velforeiningar har arbeidd for å redusere fartsgrensa opp gjennom åra.

Patrick Jesella bur like vegen, og har i fleire år kjempa for tryggare veg. Han seier til NRK at prosessen med Statens vegvesen har vore tung, og at det til tider har vore som å snakka mot ein vegg.

Nabo Henning Øverås har budd langs vegstrekninga i 20 år.

– Det er synd å sei det, men me har nesten gått og venta på dette. Det er så stygg køyring, og det er så håplaus plassering på dette busstoppet her, seier han.

Han meiner at det vert bygd mange bustader i Øygarden, utan av infrastrukturen er på plass.

Du må jo springa over vegen. Det er vanskeleg for barn som ikkje kan tenka så strategisk og logisk som vaksne, seier han.

Henning Øverås

BEKYMRA: Nabo Henning Øverås har vore bekymra for tryggleiken langs vegen. Han har sakna eit overgangsfelt ved busstoppet. Det er vanskeleg for barn som ikkje kan tenke så strategisk og logisk som vaksne, seier han.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Meinte bustader låg skjerma

For tre år sidan bad fleire privatpersonar Statens vegvesen vurdera å endra fartsgrensa på strekninga til 60-sone, men fekk avslag.

Statens vegvesen meinte at vegen låg utanfor tettbygd strøk, og at nærliggande bustader, barnehage og skule ligg skjerma frå vegen.

Samstundes understreka dei at det er førar av køyretøyet som skal avpassa fart etter stad, føre og trafikkforhold.

«På noverande tidspunkt finn vi ikkje at det er grunnlag for å redusere fartsgrense på denne strekningen. Vi vil følge situasjonen langs denne strekningen og ta nye vurderingar dersom me finn grunnlag for dette», står det i svarbrevet.

Avdelingsdirektør Tone Oppedal seier at Statens vegvesen vil sjå på saka på nytt.

– Me kjem til å gå inn og sjå på kva vurderingar som vart gjort den gongen. Og sjå om me burde gjort noko annleis, seier ho.

Blomster, dødsulykke Øygarden

BLOMAR: Mange har lagt ned blomster etter at ein gut mista livet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Kan ikkje byggja overgangsfelt

Vestland fylkeskommune eig vegen, men det er Statens vegvesen som gjer vurderingar rundt fartsgrenser på fylkesvegane.

Avdelingsleiar Dina Lefdal i Vestland fylkeskommune seier at dei ikkje kan byggja gangfelt i 80-sone.

Ho understrekar at det ikkje er berre-berre å bygge eit gangfelt.

Det blir mellom anna stilt krav til at mange nok må ha behov for gangfeltet.

– Gangfelt er heller ikkje eit tryggingstiltak. Skal du få bilistane til å respektere eit gangfelt, må det vere ein del aktivitet langs vegen.