Hopp til innhold

Lokal helsekamp på arbeidardagen vekte reaksjonar

Næringslivsmannen Kåre Lerum i Sogndal meiner kampsakene til arbeidarrørsla har gått ut på dato. Ordføraren i bygda meiner på si side at dei er like aktuelle som nokon gong.

1. mai i Sogndal

ENGASJERTE: Kåre Lerum (i kvit skyggelue) stod i spissen for parolen som støtta det planlagde lokalmedisinske senteret i Lærdal. Mange stilte seg bak fana, men ikkje alle set like stor pris på at 1. mai blir brukt til å føre ein politiske omkamp.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Først må vi få solidaritet her i regionen, så får vi ta oss av utlandet etterpå, seier Kåre Lerum.

Kontroversiell fane

Under 1. mai-toget i Sogndal i går fronta Kåre Lerum ei fane som uttrykte støtte til det planlagde lokalmedisinske senteret i tilknyting til Lærdal sjukehus.

Dette har skapt reaksjonar.

For det første fordi dette er å kaste olje på bålet i ein kommune som allereie har vedteke å byggje sitt eige helse- og omsorgssenter.

For det andre meiner fleire det er feil å kjempa nærpolitiske slag på ein dag som skal handle om dei store spørsmåla.

– Det er viktig at ein nyttar første mai til å ytra meiningar som har med fagrørsla og arbeidarrørsla å gjera. Det skal ikkje vere fritt fram, kva vil vera det neste, spør ordførar Jarle Aarvoll retorisk.

Han meiner dei store kampsakene er like aktuelle i dag.

– Vi må ikkje komme dit at det blir berre dei nære ting som vi aksjonerer for, når vi ser den kampen som er for demokratiet rundt om i Europa og verda, seier han.

Lokal solidaritet

Kåre Lerum er ikkje einig. For han er kampen for lokalmedisinsk senter i Lærdal ei sak som passar perfekt på ein dag som 1. mai. Han meiner det er på tide å bryte opp gamle vanar.

– Mykje av det dei kjempa for for hundre år sidan har ut gått ut på dato for lenge sida, seier han.

– Dette var 54. gongen eg høyrde ein 1. mai-tale og det har ikkje vore særleg endring i repertoaret.

Lerum tek den gode oppslutninga om markeringa som bevis på at dei er på rett spor. Sjølv talde Lerum rundt nitti personar i toget, rundt femti av dei under eiga fane.

– Før om åra har musikklaget vore fremst med førti stykk, bak har det komme femten-tjue traskande. Det er ikkje noko å feira, det er alt for lite, seier Lerum.

No vil han jobbe for at 1. mai skal få nytt innhald. Til neste år planlegg han parolen «Solidaritet i Sogn» som han håpar skal samle folk om kampsaker frå heile regionen.

– Vi har så mykje å kjempa for her i fylket. Då får vi òg meir folk i toga på 1. mai, seier han.