Hopp til innhold

Jubel i Sogndal: Arbeidet med ny Loftesnesbru vert starta i haust

I dag feirar lokalpolitikaren med flagget til topps og kake på bordet etter gladmelding om oppstartsløyvingar.

Loftesnesbrua i Sogndal

STÅLBOGEBRU: Trafikantane gjennom Sogndal slepp å vente i eit år til på ny bru for no blir det byggestart til hausten.

Foto: Bjørgulv Mykland

– Det er både julaftan og 17. mai på ein gong i Sogndal etter gladmeldinga frå samferdselsdepartementet, seier Karin Vikane (H).

Dermed vert ei sentral del av ferdselsåra aust – vest gjennom Sogn og Fjordane utbetra, både trafikalt og tryggingsmessig.

– I går ettermiddag fekk eg gladmeldinga, seier Rita Navarsete (Frp) med stor entusiasme.

Både Frp og Høgre har jobba intenst inn mot eiga regjering for å få på plass oppstartsløyvingane, og i går kom gladmeldinga samferdselsdepartementet.

Ifølgje Navarsete blir det byggestart på Loftesnesbrua allereie frå hausten etter at departementet vil byggje ei nettverksbogebru til 320 millionar kroner.

Rita Navarsete

GLER SEG: Lokalpolitikaren Rita Navarsete (Frp) jublar over gladmeldinga frå samferdselsdepartementet.

Foto: Privat

Hektisk lobbyverksemd

I slutten av april vart det klart at bygging av ei ny Loftesnesbru kom til å bli utsett i eitt år fordi løysinga med nettverksbogebru vart for dyrt for Statens vegvesen. Det kom fram i eit møte mellom kommunen og Statens vegvesen.

– Vi har jobba hektisk dei siste to vekene inn mot samferdselsdepartementet, der vi har argumentert med kvifor vi må ha brua no og at vi ikkje har tid til å vente eit nytt år på utgreiingar, seier Navarsete.

Planla å vente eitt år til

– Loftesnesbrua har vore og er eit landemerke, ein innfallsportal til Sogndal. Difor er det svært gledeleg at vi får på plass ei bru med god arkitektur, og ikkje ei betongbru som var eit alternativ, seier Vikane.

Frå kommunen si side har det vore peika på at tryggleiken for dei mjuke trafikantane er dårleg på noverande bru, og det har vore understreka at det estetiske var viktig ved utforminga av brua. Dersom ei betongbru skulle vore greidd ut ville det tatt nok eitt år.

– Vi har ikkje tid til å vente eitt år til. No har samferdselsdepartementet bestemt at det blir oppstart til hausten, seier Navarsete.

Loftesnesbrua

BYGGESTART: Det kjem pengar til oppstart av Loftesnesbrua i Sogndal.

Foto: Statens vegvesen / skisse