Hopp til innhold

Løfta sambuaren etter øyra så dei rivna – fekk samfunnsstraff

Mannen løfta kvinna etter øyra så ho byrja å blø, tende lighter under beina hennar og trua med å drepe og øydelegge henne. No er han dømd til samfunnsstraff.

Nedre Romerike tingrett

ALVORLEG: Retten fann det bevist at mannen i snitt utsette sin tidlegare sambuar for vald og truslar ein gang i veka. – Det var tale om eit vedvarande regime som prega fornærma gjennom heile sambuarskapen, skriv tingretten.

Foto: Simon Solheim / NRK

Påtalemakta kravde ni månader fengsel for mannen i 30-åra frå Sogn og Fjordane.

Nedre Romerike tingrett fann fleire formildande omstende og dømde mannen til 420 timar samfunnsstraff. Han må også betale kvinna 50.000 kroner i erstatning.

Reaksjonen er uvanleg for så alvorlege handlingar, vald i nære relasjonar.

Louis Anda

ENDRING: Forsvarar Louis Anda seier klienten hans teke tak i livet sitt etter hendinga. – Det var ein heilt annan person som stod til ansvar for handlingane. Han har vore gjennom ei kraftig personlegheitsendring, seier han.

Foto: NRK

– Så vidt eg veit, er det første gang at ein domstol nyttar samfunnsstraff ved så alvorlege krenkingar eller vald i nære relasjonar. Slik sett banar dommen også for samfunnsstraff i denne type saker, seier forsvarar Louis Anda.

Advokaten meiner dommen er rett.

– Han erkjende for det meste straffskuld. Dette er ei tid, utfordringar og problem han har lagt bak seg og han er rehabilitert. Då er det rett at han får sone i fridom slik at den positive utviklinga kan halde fram.

Dømd sju gonger før

Politiadvokat Qasim Bhatti ved Øst politidistrikt konstaterer at retten har eit anna syn enn påtalemakta.

– Retten legg til grunn at han blir meir skadelidande av å sone i fengsel, men eg meiner vi la ned rett påstand. Statsadvokaten avgjer om domen blir anka, seier Bhatti.

I prosedyren viste han mellom anna til at mannen tidlegare er domfelt sju gonger for vald.

Løfta etter øyra

Mannen hugsa ikkje i detalj kva han i rusa tilstand utsette sin tidlegare sambuar for, men stod fram som skamfull og angrande i retten.

– Om tiltalte minimerte ansvaret for eigne handlingar i det første politiavhøyret rett etter pågriping (...), gjorde han ikkje dette i retten, skriv tingretten og meiner kvinna i snitt vart utsett for vald og truslar ein gang i veka gjennom det turbulente forholdet.

Han mellom anna lugga, slo, dytta, kasta henne rundt og tok kvelartak på kvinna.

Ved eitt høve løfta han kvinna etter øyra så ho fekk sprekker og byrja å blø bak begge øyra. Ved eit anna høve tende han ein lighter under beina hennar.

Mannen trua med å drepe henne og øydeleggje bustaden hennar om ho varsla politiet.

Søkte hjelp

Kvinna har etter hendinga slite med angst og redsle. Advokaten til kvinna ynskjer ikkje å kommentere saka.

Kort tid etter pågripinga, oppsøkte mannen hjelp for å kome seg fri frå eit mangeårig rusmisbruk. Han har halde seg rusfri siste åra og er i dag i jobb.

Tingretten meinte at mannen var i ein klar rehabiliteringssituasjon, og risikoen var stor for tilbakefall om han måtte i fengsel. Retten såg også formildande på at saka hadde to år liggetid hos politiet.

Samfunnsstraffa skal gjennomførast på eitt år og to månader.