– Difi på Leikanger kan bli utvida med ti ferske arbeidsplassar fortel Lødemel.
Totalt presenterte kommunalminister Sanner ein plan for å flytte 630 arbeidsplassar ut av Oslo på ein pressekonferanse klokka to i dag.
Frå før er det kjent at regjeringa ønskjer å leggje fredskorpset med sine 45 arbeidsplassar til Førde. Utover det kom det ikkje meir til fylket vårt i dag.
Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre Bjørn Lødemel seier at det likevel er håp.
– Det er ikkje heilt klart endå om det kjem noko til Leikanger, men eg har høyrt at dei er ein kandidat i lag med nokre andre stader. Dei har jo fått til veldig mykje i Difi, og det har blitt lagt merke til kor bra dei har gjort det.
Sanner trakk fram Difi
Direktoratet for forvaltning og IKT er eit norsk statleg direktorat som har ansvar for digitalisering av offentleg sektor. Dei har hovudkontor i Oslo, men også mange tilsette i Leikanger i Sogn.
Sjølv om Jan Tore Sanner ikkje hadde noko å tilby Sogn og Fjordane i pressekonferansen sin, trakk han fram Difi i Leikanger som eit døme på utflytting frå Oslo som har fungert bra.
– Eg har sjølv vitja Difi på Leikanger, og dei har synt kva ein får til med kompetansearbeidsplassar i distrikta, sa Sanner.