Hopp til innhold

Sommarpatruljen fann fleire brot: – Brukar koronapandemien som orsaking

Skrekktal frå LOs sommarpatrulje og Arbeidstilsynet viser brot på arbeidsmiljølova i halvparten av tilsyna i utsette bransjar. Verst går det gjerne ut over dei som er ferske i arbeidslivet.

LOs sommarpatrulje i Bergen. Frå høgre: Miriam Jordal Sorø, ? og Axel Fjeld.

BROT I KORONATIDA: – Sidan pandemien starta ser vi aukande brot på kravet om opplæring og at vaktlister ikkje kjem tidsnok, seier Miriam Jordal Sorø (t.h.) i LOs sommarpatrulje.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

På to veker har LO sin sommarpatrulje, som oppsøker ungdom i arbeidslivet, besøkt 950 bedrifter i Vestland fylke. Sjølv om dei fleste ungdomane har det bra, har patruljen likevel avdekt brot på arbeidsmiljølova hos halvparten av bedriftene.

– Hovudinntrykket er at ungdomar ikkje kjenner rettane sine.

Det seier Miriam Jordal Sorø, ansvarleg for LOs sommarpatrulje i Vestland.

Offentlege støtteordningar skulle sikre arbeidstakarar sine rettar under koronapandemien. Men funna til sommarpatruljen er dystre når det gjeld bransjar der mange unge har sommarjobb eller jobbar deltid.

– Sidan koronapandemien starta ser vi aukande brot på kravet om opplæring og at vaktlister ikkje kjem tidsnok, seier Sorø.

Men særleg éitt brot er vanleg i år.

– Ungdom veit ikkje kven som er verneombod, eller kjenner ikkje til verneombodsordninga på arbeidsplassen i det heile tatt, seier Sorø.

– Ikkje nok informasjon

I bokhandelen Norli Standgaten i Bergen er 17-åringen Anna Hjeltnes den yngste arbeidstakaren. Ho set stor pris på at sommarpatruljen kom på besøk for å opplyse om kva rettar ho har i arbeidslivet.

– Vi har lært mykje i samfunnsfagtimane på skulen. Men eg følte det ikkje gjaldt meg før dei kom hit og snakka om det. Dei tok også opp ting vi kanskje ikkje får nok informasjon om på skulen.

Ho understrekar likevel at på arbeidsplassen sin har ho ikkje opplevd nokon av dei problema patruljen har snakka om.

Langt frå alle er like heldige som Anna.

Anne Hjeltnes

OVERRASKA: – Noko av det patruljen fortel var litt overraskande og sikkert noko som også andre ikkje veit om. Eg kan informere venene mine om det, seier Anna Hjeltnes.  

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Ikkje unike funn

Axel Fjeld har jobba ti år som frivillig i sommarpatruljen. Han har merka seg ein ugrei trend det siste året.

– Nokon brukar koronapandemien som orsaking for å ikkje ha vaktlistene heilt på stell.

Og LOs funn er ikkje unike.

I perioden 2018 til 2020 gjorde Arbeidstilsynet 2.181 tilsyn blant landets service- og overnattingsbedrifter. Resultatet var at 63 prosent av bedriftene braut arbeidsmiljølova på minst eitt punkt (sjå tabellen).

Påviste brot på rettar i arbeidslivet

Tilsynstema:

Tilfelle med brot

Allmenngjort løn

30%

Minstekrav for arbeidsavtale

54%

Skriftleg arbeidsavtale

11%

Overtidsbetaling

38%

Arbeidsplan/vaktplan

19%

Brot på minst 1 av 5 tema

63%

Fafo-forskar Sissel Trygstad seier at dei unge har betalt ein særleg høy pris det siste året, under pandemien.

– Vi har vore gjennom dette ekstremåret der bransjen har slite voldsamt. For dei som er villige til å drive useriøst, er det særleg freistande å gjere det i koronaåret. Særleg for unge som slit med å få jobb, og kanskje har vore permitterte, er det vanskeleg å påpeike urettferdigheter, feil og manglar der dei arbeider, seier Trygstad.

– Verstingar

Unntakstilstanden har ført til manglande fokus på rettar, ifølge arbeidslivsdirektør Nina Melsom i Næringslivets hovudorganisasjon (NHO)

– Eg trur noko av grunnen til desse dystre tala er at fleire bransjar har streva med nedstenging under pandemien. Fokus har vore meir på å få aktivitet i gang igjen. Det er sjølvsagt viktig for både arbeidstakarar og -gjevarar. Men samstundes er reglane i arbeidsmiljølova der for at vi skal ha eit anstendig og godt arbeidsliv i Noreg.

Statssekretær Saida Roshna Begum (H)

GLØYMER RETTAR: Pandemien har ført til manglande fokus på rettar, seier Saida Begum, statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Andelen brot i bransjar som sysselset mange unge og ufaglærte var høg også før pandemien. Statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, Saida Begum frå Høgre, meiner arbeidsgjevarane må gi unge betre informasjon om rettane sine.

– Nokre bransjar med mange unge tilsette er verstingar på slike lovbrot. Slik kan vi ikkje ha det. Og pandemien er inga god orsaking. Arbeidsgjevarane må ordne opp og sørge for at unge sitt første møte med arbeidslivet blir best mogleg.

Anna Hjeltnes på bokhandelen i Bergen seier også ho kan bidra.

– Noko av det patruljen fortel var litt overraskande og sikkert noko som også andre ikkje veit om. Eg kan informere venene mine om det, seier ho.