LO-opprop for lokalsjukehusa

Avdelinga i Indre Hardanger håpar alle andre LO-avdelingar vil støtta oppropet.

Odda sjukehus

Odda sjukehus er blant lokalsjukehusa som har mista akuttilbod. Dette vil LO i Indre Hardanger ha ei endring på. Arkivfoto

Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Oppropet for lokalsjukehusa blei i dag lansert av Terje Kollbotn, LO-leiar i Indre Hardanger. Dette skjedde på LO sin Trondheimskonferanse.

– Styret og representantskapet i LO i Indre Hardanger har samrøysta tatt initiativ til dette oppropet, for å leggja press på regjeringa og Stortinget. Dette for å sikra ei god og varig løysing for lokalsjukehusa i Noreg, uttaler Kollbotn.

550 fagleg tillitsvalde i LO var tilstades på konferansen der oppropet blei lansert.

Vil ha alle avdelingar med

I slutten av april vil oppropet bli sendt til regjeringa. Indre Hardanger LO håpar alle andre LO-avdelingar vil slutta seg til oppropet innan den tid.

LES OGSÅ: Klare til sjukehuskamp

LO skriv i oppropet at lokalsjukehusa er hjørnesteinar i helsevesenet i distrikts-Noreg. Difor krev organisasjonen at den medisinske og kirurgiske akuttberedskapen og fødetilbodet ved lokalsjukehusa blir halde oppe på eit forsvarleg nivå.

Krev ny nasjonal helsepolitikk

For å få til det LO meiner trengst må Noreg få ein nye nasjonal helsepolitikk, meiner organisasjonen. Dei krev difor at bedriftsøkonomiske føretaksmodellar blir erstatta av offentleg forvalting og folkevald styring.

Odda sjukehus er blant lokalsjukehusa i Noreg som har mista akutttilbod . I fjor haust vedtok styret i Helse Fonna å overføra akuttilbod til Haugesund og Bergen.