Liv laga etter 35 år i tøff konkurranse

FRESVIK (NRK): Hjørnesteinsverksemda Fresvik Produkt kjempar ein hard kamp for å tryggja 40 livsviktige arbeidsplassar for den vesle bygda Fresvik.

Fresvik Produkt

LØNSEMDA MÅ OPP: – Ved å automatisera ytterlegare kan me få opp produksjonen, slik at me kan halda på dei same folka som i dag, seier hovudaksjonær i Fresvik Produkt, Aril Grønningen (midten). Her saman med administrerande direktør Gyda Bøtun (t.v.) og produksjonsleiar Siv Settevik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

35 år har det vore liv laga med ein stor fabrikk i vesle Fresvik, med sine vel 200 innbyggjarar.

Ei forklaring ligg i den enorme viljen i eit lite lokalsamfunn, der alle er klar over at utan verksemda, er ikkje Fresvik liv laga. Difor står det mykje på spel, faktisk eit heilt bygdesamfunn, slik eg ser det, seier Aril Grønningen, hovudaksjonær og nestleiar i Fresvik Produkt-styret.

Fresvik Produkt

HJØRNESTEINSVERKSEMD: Fresvik Produkt AS blei starta i 1980 av Botolv Hov. Verksemda har lukkast med produksjon av isolasjonselement til kjølerom.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Volumet må opp - prisane ned

Men dei siste åra har Fresvik Produkt streva med å gå i pluss. Hjørnesteinsverksemda har difor starta ei tøff omstilling.

– Automatisering er fyrste prioritet. I dag utnyttar me ikkje produksjonskapasiteten. Difor må me bli betre på sal, selja meir og då må prisane våre ned. Då kjem me ikkje utanom automatisering, seier Grønningen.

Grønningen har dei siste tiåra vore ein sentral industribyggjar i Vik. I heimbygda har han bygd opp baderomsprodusenten Linn Bad, som i fjor hadde omsetjing på 115 millionar kroner og eit solid overskot.

Éin av suksessfaktorane til Linn Bad har nettopp vore automatisering - at maskiner utfører arbeidsoppgåver snøgt og nøyaktig med mindre bruk av menneskeleg arbeidskraft.

– Målet er ikkje å seia opp folk. Ved å automatisera kan me auka produksjonen kraftig, slik at me kan halda på arbeidsstokken, presiserer Grønningen.

Han trekkjer fram nettopp haldninga til arbeidarane som éi årsak til at Fresvik Produkt har halde det gåande i over tre tiår.

Folk som jobbar som bedrifter som Fresvik Produkt og Linn Bad har ei stor eigeninteresse for at verksemda skal gå, for det finst ikkje alternative arbeidsplassar. Ei anna forklaring er at me driv på ein enkel måte. Til dømes - på dei førti åra som Linn Bad har eksistert, har eg til gode å hyra ein konsulent, seier Grønningen.

Kjølerom

Inne i den luftige fabrikkhallen ved Fresvikelvi blir det laga portar, industrislagdører, og ikkje minst isolasjonspanel til lagerbygg og kjøle- og fryserom. Handlar du til dømes mjølk på Coop Extra i Sogndal, er kjølerommet laga på Fresvik Produkt.

Nyleg har verksemda, saman med det store finske firmaet Ruukki, laga alt av kjølepanel til ein stor Spar-butikk på Sotra.

Bøtun sjekkar pressa

30 ÅRS RØYNSLE: Ottar Bøtun ved Fresvik Produkt sjekkar eit nypressa isolasjonspanel. Det har han gjort sidan 1985.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Prosjektet er eit samarbeid med Brødrene Ulveseth i Bergen og er eit god supplement til dei eigenproduserte isolasjonspanela våre; ved å samarbeida med Ruukki kan me i større grad bli ein totalleverandør, fortel administrerande direktør Gyda Bøtun, som sjølv har arbeidd ved Fresvik Produkt sidan 1988.

Viktig arbeidsplass

Dei 40 arbeidarane på Fresvik Produkt kjem frå Polen, Litauen og nabobygdene Feios, Vangsnes og Vik, men dei fleste er fresvikjer.

– Me er ei hjørnesteinsverksemd for Fresvik, men viktig for Vik kommune, så det er heilt avgjerande at me kan utvikla oss vidare og framleis gi arbeidsplassar, seier Bøtun.

Sjølv om Fresvik Produkt kjempar i ein tøff marknad og har større transportkostnader enn mange konkurrentar, meiner Grønningen at verksemda er liv laga.

– Det er difor eg har investert pengar i verksemda (3 millionar, journ.merk.). Eg har tru på at ho skal koma over kneika. Fresvik Produkt har ein relativt solid eigenkapital, så me slit ikkje, men me har eit forbetringspotensial. Og eg har eit inntrykk av at både leiinga og dei tilsette er med på det.