Hopp til innhold

Litt regn i natt, men fortsatt tørt

Det har vore to små branntilløp eller gløding i terrenget på Sotra i natt, men begge tilfella blei slått raskt ned, opplyser brannvesenet til NRK. Det har vore ein god del vind i området. – Det har kome litt regn i natt, men vi skulle gjerne hatt meir. Det er fortsatt tørt i bakken mange stader, seier innsatsleiar Børre Brekkvassmo.