Liten nytte av krisepakken

Terra-kommunar risikerer å få mindre igjen for krisepakken enn andre kommunar

Ålfoten skule i Bremanger
Foto: Ottar Starheim / NRK

Staten kan krevje at auken i dei frie inntektene til Terra-kommunane må brukast til å betale ned lån.

Betale ned lån

Bremanger kommune får om lag ein million i frie inntekter i krisepakken frå regjeringa.

- I den vanskelege situasjonen som Bremanger er, har nok dei behov for midlane til å nedbetale underskot, seier rådgjevar hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kåre Træen.

Terra-kommunane har tapt nær ein milliard kroner på feilslåtte investeringar i amerikanske verdipapir.

Kommunane får no øyremerka pengar til vedlikehald, men auken i frie inntekter som andre kommunar får ein del av, kan gå til å dekkje inn underskot etter store tap.

Også fylkesmannen i Nordland stadfestar at problemstillinga er den same, dermed kan dei største taparane etter Terra-skandalen vere dei kommunane som får minst nytte av krisepakken.

- Bundne inntekter

- Viss det er slik at departementet eller fylkesmannen skal leggje føringar på dei frie inntektene, er dei ikkje frie i mine auge og øyre. Då ser eg på det som bundne inntekter, seier ordførar i Vik Marta Finden Halset.

Ho ramsar opp ei rekkje tiltak som kommunen gjerne vil gjennomføre, men som krisepakken uansett er for liten til å gjere noko med:

- Skulane i Flatbygda, Fresvik, Feios, Vangsvik, Valsvik, Blixhalli, kommunehuset og kommunale utleigebustader.

- Dette er prosjekt som overstig den summen vi har fått til vedlikehald, seier Finden Halset.

Lekkasjar frå taket

Bremanger er ein annan kommune der trongen for pengar er enorm. Driftsleiar ved Ålfoten oppvekstsenter Eldbjørg Aske Myklebust fortvilar over lekkasjar frå taket.

- Treverket er svart att med sperrene. Vatnet har runne inn. Det ser ikkje særleg bra ut, seier Aske Myklebust. Ho må setje ut bøtter for å samle opp vassdropar dei dagane det regnar.

Trass i krisepakken frå regjeringa må truleg skulen sjå langt etter ein betre kvardag.

- Eg synest er er veldig uheldig. Her er mange barn og tilsette. Viss det blir så gale at det blir fukt og roteskader, er det veldig uheldig for inneklimaet, seier Aske Myklebust.

Knallhard prioritering

Ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad seier han håpar vedlikehaldsmidlane i krisepakken kan nyttast til å gjere noko på dei bygningane der forfallet er mest prekært. Men han kan ikkje love at det vert gjort noko i Ålfoten, for det er mange skular som forfell i Bremanger.

- Nesten samtlege bygg i kommunen lek, så det blir ei knallhard prioritering kva vi skal ta først og sist. Eg ville iallfall fått bygga så tette som mogleg før vi går vidare i prosessen, seier Svarstad.

Kommunen har fått pålegg frå Arbeidstilsynet fordi tilhøva enkelte stader bryt med lova om godt arbeidsmiljø.

- Vi har fått signal frå fylkesmannen om at slike tiltak vil vi høgst sannsynleg få lån til. Elles kjem vi i den situasjonen at vi vil få dagmulkter, og det er ikkje nokon veg å gå, seier han.