Hopp til innhold

Lite tvang i psykiatrien

Helse Førde har lågast bruk av tvang i psykiatrien målt i tal innbyggjarar.

I ein ny rapport frå Helsedirektoratet om bruk av tvang i psykisk helsevern for vaksne, i 2009, syner at Helse Førde har lågast bruk av tvang målt per 100 000 innbyggar.

Samansette årsaker

Ifølgje avdelingssjef Svein Ove Alisøy ved psykiatrisk klinikk er årsakene til den låge bruken av tvang samansett.

– Nokre av grunnane er at Helse Førde er eit lite føretak der vi har god og lokal kunnskap om pasientane, seier Alisøy.

– Terskelen for innlegging er låg

– Terskelen for innlegging er låg og pasientar kjem difor raskt til behandling. Det vert då lettare å få til avtale om frivillig innlegging når pasientar kan komme raskere til behandling.

Han peikar elles på eit godt samspel med pasientane som fører til at dei tek tidleg kontakt for å få hjelp.

Psykiatrisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde.

Psykiatrisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK