Frå Sogn og Nordfjord fekk Innovasjon Norge inn 66 idear. 25 av desse vart plukka ut som så gode at dei fortente oppfylgjing, og no har 18 av desse innovative sogningane og nordfjordingane gått vidare med etableringa si. Men i Sunnfjord - medrekna Høyanger - har det gått trått.
Skuffa
Avdelingsleiar i Innovasjon Norge, Siw Heggedal Longvastøl er skuffa og overraska over den labre interessa. Ho hadde venta fleire idear i eit område som er prega av både omstilling og vekst.